lørdag 11. august 2007

Roser, roser og atter roser...

Eg hadde tenkt at eg skulle legge ut andre bilete i dag, men då eg såg gjennom bileta klarte eg ikkje å dy meg. Så det blir roser i dag igjen! Eg elskar så mange slag blomar, men rosene er i ein klasse for seg. Dei ni første bileta og nr. elleve kan du klikke på og få dei større. I år har eg planta Blue moon. Ho lyg litt med namnet sitt, men vakker det er ho! Så er det denne favorittrosa mi Nostalgi, eg må berre ha henne med! Aspirin er ny hos meg i år. Ho er litt liten og puslete, men eg håpar ho kjem seg etterkvart. Rosene er skjønne, dei er sart rosa som går over i kvitt. Bonica er også ei av dei fire nye rosene mine. Ho kjem seg fint og blømer rikt.
Så er det denne busk/botndekkrosa som eg ikkje veit namnet på. Nokon som veit? Schneewittchen er større og finare enn ho har vore nokon gong før. Friesia i blom og knopp. Dette er og ei rose eg ikkje veit namnet på. Er det nokon som har forslag?
Rosa rugosa er sterk og frisk, men eg vurderer å flytte henne. Ho passar ikkje heilt inn i roserabatten.
The Fairy har eg to av, dei står på sia av kvarandre i den mest verharde enden av rabatten. Dei veks uhemma og legg seg utover alt, eg må nok til med nytt rosebed til neste år.

15 kommentarer:

Layanee sa...

Wow do you have roses! I have one just like the last picture. It has been passed down from my grandfather's garden!

min sin lille tue sa...

Jeg skjønner godt at du legger ut bilder av roser, blir aldri lei av dem. De er av mine favoritter også.
Ha ei fortsatt god helg.

oldmanlincoln sa...

Many beautiful photos of flowers to look at. And I like the pictures of your cat too.

Abraham Lincoln
Brookville Daily Photo

oldmanlincoln sa...

Thank you for visiting and for your generous comments today. I do so much appreciate it.

Thanks again.

Abraham Lincoln
Brookville Daily Photo

Henriette sa...

Flotte roser du har... Er flotte blomster det ja, kan aldri bli lei dem... :)

Mita`s hjørne sa...

Så mange nydelige roser du har, dufter sikkert godt hos dere - med alle de rosene...
Det første bildet var jo søtt...

Ha en flott kveld...

ebba sa...

Sååå nydelige roser du har.Jeg kjøper alltid roser til helgen hele året.Og tusen takk for fine ord på bloggen min.Er det noe du liker er det bare å ta kontakt.

Elin sa...

Kjempefine roser. Du må no ha eit spesielt lag med dette, eg har aldri sett så mykje fint på ein plass... Og takk for innbydinga, den gjeld hin vegen og!

Hilde sa...

Nydelege roser! Du har nok grønne fingrar!

Marie sa...

Thank you for visiting my blog, and thank you for your comments. BIG hug from me :o)


Takk for koselege kommentarar, det set eg pris på! Ønskjer alle ei fin veke.
STOR klem frå meg :o)

Ida sa...

Oi oi oi!
Her bugner det av roser.
I fine farger og former.
Nyt synet av dem i hagen din
Og ha en flott uke. :)
Klem fra Ida.

minerva.jor sa...

Tittet på dine vakkre roser ,fint allsidig farge sammensetning!
Hver uke presenterer lokalt tv en hage her i området, denne gang var det to rosehager som ble vist.
Ha en fin dag:)

Bea sa...

Flott blogg du har!! Rosebildene var heilt herlege, og katten òg :D Kjem nok tilbake og kikker meir seinare, ha ei fin veke!

Lynetmor sa...

Så mange fine roser du viser :-)
Ønsker deg en fin kveld.

Helene sa...

FANTSTISKE BLOMSTERBILDER:-)

Virkelig en nytelse:-)

Tusen takk for hilsen i bloggen min.
Jeg linker din på siden min og håper du synes det er ok:-)


Helene:-)