søndag 20. juni 2010

Snart er det midtsommar.

Synest at eg nettopp gjekk og lengta etter vår og nå er me komne til 20. juni. Neste veke er det solsnu og dagane vil sakte, men sikkert bli kortare igjen. Å, men eg elskar denne tida når "netter er ljose som dagar", det skulle berre stoppa ei stund :) Dagane blir korte om dei er aldri så lange :) Akkurat nå les eg kvar ledige stund, eg skal "opp i" realkompetansevurdering på torsdag med tanke på å bli barne- og ungdomsarbeidar når eg får nok teori og praksis til å ta fagprøve. Litt friminutt må eg jo une meg så eg hadde ein liten kamerarunde mellom øktene.
Sibiriris og skogskjegg står på det aller finaste nå ved Jonsok. Rynkerosene er også godt igong med bløminga. Lupiner i friske fargar lyser opp langs eit steingjerde. Heilt ute til høgre ser du fuglemathuset, på neste bilde ser du dette heilt til venstre. Om du ser for deg desse bilda ved sida av kvarandre får du eit "panorama"-inntrykk. Huset ligg til høgre for dette igjen. Frå stauderabatten. Ønskjer alle hagegjester ei fin sommarveke :) Takk for alle kommentarar eg har fått på dei siste innlegga, håpar og trur at eg får tid å besøke og kommentere tilbake etter at eg er ferdig med vurderinga :)

7 kommentarer:

sigrid sa...

Lykke til..
så flott at du tek utdanning..
god midtsommarveke :-)

Anelias hantverk sa...

Underbart vackra bilder! Lupinerna mot stenmuren är riktigt vackert!
Ha en fin dag!

Ruth B. sa...

Flotte bilete frå ein vakker hage.
Lykke til med innspurten på det du held på med.

Ha ei fin sommarveke.

Alvas hjørne sa...

Så herlige bilder, som stråler av sommer:)
Nydelig plass, synes det er så vakkert med steinmurer:)
Ha en flott dag!

Anonym sa...

Lykke til! Du blir en flott barne- og ungdomsarbeider, det er jeg sikker på:) Hilsen Toril A.

Vform sa...

"Unna dig ibland att bara vara"!
Tar du inte paus ibland, får vi ju inte se så vackra bilder ;D

Skön midsommarvecka och lycka till!
Kram Vivan

Hjertebank sa...

Nydelige blomsterbilder. Flott hage du har!
Lykke til med prøvene.