tirsdag 1. juni 2010

Plantestøtte og litt steinbed.

Etter at eg dei siste par åra har brukt eit vanleg espaliet som klatrestativ for breiskolm med heller dårleg resultat (eg måtte binde opp i tillegg) prøver eg i år noko nytt. Dette er som ein uttrekkbar "sylinder" som blir sett over breiskolmspirene. Eg er spent på korleis det vil fungere. Eg har brukt noko liknande på peonene.
Medan eg ventar på at ertestauda skal dekke er denne støtta ganske dekorativ i seg sjølv synest eg :) I steinbedet er bløminga nettopp begynt. Phlox douglasii 'Lilac Cloud' (nålefloks). Geranium renardii (storkenebb) har lysande blomar og også spesielle og vakre blad med veldig vakre haustfargar. Phlox subulata 'Mikado' (vårfloks) lyser godt opp. Her er vårfloksen saman med snøsløyfe. Eg har masse strandnellik som står med knoppar. Som tidlegare sagt har eg ikkje laga store nye anlegg i hagen, men tilpassa bed og rabattar til naturen rundt. På austsida av huset har eg ein stor firkanta plen med litt hekkar rundt og nokre buskar i kvart hjørne. Her skulle eg gjerne gjort meir, men har lyst på profesjonell hjelp i planlegginga. Så får tida visa kva tid det passar å prioritera det tidsmessig og økonomisk.
Ønskjer alle gjester ein fin start på juni :)

7 kommentarer:

Sylke Feldhusen sa...

Det er alltid koselig å komme innom og se på de fine blomsterbildene dine :)

Refleksjon på livsvegen sa...

Veldig fint med steinbed, flott når slike stauder blømer..
Ha ein flott Juni, tenk det er sommar :-)

Turid sa...

Du har så flott hage -liker det naturlige .

Anita sa...

Flotte bilder av fine blomster...
Jeg har lest litt nedover, å må si at den alpeklematisen på sykkelen var bare helt nydelig!!

Northern Shade sa...

Your planting between the rocks really suits the space. The section where you have the Hosta and ferns going up between the large rock outcroppings looks lovely and green. The low growing Phlox douglasii grows well right against the rock.

Vform sa...

Jättefint med naturliga stenar i trädgården!
Härliga blommor på bilderna!
Skön dag till dig!
Hör av mig i kväll ;)
Kram Vivan

elle-melle sa...

Så smart det klatrestativet var, mye finere enn de der plastikkgreiene. Det kommer til å bli nydelig når beriskolmen klatrer rundt der og blomstrer:)