tirsdag 25. september 2007

Rusletur i hagen. / A little walk in the garden.

I dag skein sola frå skyfri himmel! Eg hadde ein del å gjere i dag så eg fekk ikkje tatt nokon tur i naturen, men ein liten tur i hagen er det alltid tid til mellom øktene. / Today the sun was shining from a clear sky. I took some photos in my garden. Nå er bæra på kristornbusken min raude og modne. Fuglane er alt begynt på festmåltidet så eg fann ut at det var best å få tatt ein del bilete før bæra er borte. / The berrys on the holly are shiny and red. The birds loves the berrys. Kastanjetrea er begynt å sleppa fruktene sine. / The chestnut trees are loosing their fruit.
I går hadde me eit ufyseleg ver med ekstreme nedbørsmengder og heilt opp i liten storm i vindkasta. Kastanjene låg strødd i dag. Nydeleg brunfargar på nyopna kastanjer. Nokre skal inneheld tvillingnøtter. Eg har eit par sedumtyper som står på sitt finaste akkurat nå. Den første er liten og krypande.
Smørbukk på dei to neste bileta. Smørbukken lyser opp i både grå og klåre haustdagar. Vivendelen blømer som om det er midtsommar. Kan ikkje hugse at han har blømd så rikt så seint i sesongen før. Nokre av rosene står med nakne greiner, andre trossar regn og vind. / We've had a really bad weather the last few days, but some of the roses are still blooming.
Nostalgirosa mi har eg hatt så mange gonger på bloggen i sommar at folk er vel leie av henne. Eg må likevel ha henne med. Ho står frodig og mørkegrøn og blømer raust. Eg har støtte rundt henne for at ho ikkje skal knekke under alle rosene i regn og vind. Utsida av rosene er prega av veret, men dei er like fine inni. Vil ønskje alle bloggvenner ein god onsdag! Takk for varme og gode tilbakemeldingar og kommentarar!

8 kommentarer:

Ellie sa...

Du tar så fine naturbilder! Tror du må ha en flott hage! Nostalgirosa er så fin, synes jeg. Lekkert med de fargesjatteringene. Ha en god natt!

Hobbygåsa sa...

Tusen takk for hyggelig hilsen i bloggen min! Så flotte bilder du har her, morsomt å se alle dyrene. Og så fine blomster og høstfarger. Ha en fin uke!

Ida sa...

Takk for hagevandringen Marie. :)
Nydelig alt sammen.
Det er mye fint å glede seg over enda i hagen ja.
Rosene dine er vakre!
Vi hadde samme været her i går.
Så, i morgen skal jeg i en gammel hage og plukke mer kastanjenøtter.
Håper at det har blåst ned mange. ;)
God natt til deg.
Klem.

minerva.jor sa...

Takk for fin hagevandring tidlig onsdag morgen!
Nostalgirosen ser jeg gjerne igjen.
Bergknapper (sedum) er det vanskelig og få til å trives her!


Ha en fin Onsdag:)

Anonym sa...

Vakre bilder som alltid! Ha en fin onsdag du også:)fra Naturglede

chatrine sa...

Så flott å se skyfri himmel!! Her er det en og anna dag meg litt sol, men stort sett regner det hele tiden.. Så det "været" begynner jeg å bli ganske lei av nå. Drømmer meg bort i hagen din i stedet:)
Ha en fin dag!
Klem:)

Marie sa...

Ellie-
Hobbygåsa-
Naturglede- takk alle tre for skryt!
Ida- takk for koseleg kommetar oglukke til med kastanjeplukking!
Minerva- kjekt at du vil sjå nostalgirosa mi igjen. Eg angrar ikkje på at eg kjøpte henne. Nå må eg støtte henne opp for det blæs ganske mykje nå om hausten. Sedum har eg i mange variantar, dei er veldig greie å sette der det er grunt og tørt. (ikkje det at det er tørt for tida, det regnar og regnar) I dag er det sol og stiv kuling. Eg har gått turstien "min" (saman med ei venninne), friskt og godt!

Vil ønskje alle saman ein god onsdag! Klem frå Marie :o)

Marie sa...

Oi, Chatrine- det var ikkje meininga å gløyme deg! Det regnar og regnar her også. På mandag hadde me regelrett skybrot, enorme nedbørsmengder! Mange fekk vatn inn i kjellerane sine. Me bur slik at regnet renn unna, heldigvis. I går og i dag har sola vore framme. Det er herleg!
Ønskjer deg også ein fin onsdag :o)