onsdag 5. september 2007

Haustfargar

I dag regnar det lett, disen og skodda ligg som ein grå blyhatt over Bokn. I går derimot var det strålande ver. Glassklar himmel og sjøen var blå. Det bles friskt frå nord. Hagen min ligg i le for nordavinden så det var herleg å vere ute. Eg brukte eit par timar på å klippe plenen, deretter tok eg ein runde med kamera. Klikk på bileta for å sjå nærare. Intense og vakre fargar på eit rynkeroseblad. Rosetrea er små ennå, men der er nokre få store knallraude nyper. Dei lyser i haustsola. Denne asalea tar visst feil av årstida. Kvart år pleier ho å komme me nokre få blommar om hausten. Og ute er det høst og nesten vår. Jan Ingvar Toft i Vamp

3 kommentarer:

Berit sa...

Høsten er en fantastik tid med alle fargane, klar luft og høg himmel. Høsten er min favoritt-årstid. Får håpe på flere dager som var som i går.
Heldige er vi som har fire årstider, men av og til virker det som det er bare to....

JULIE K sa...

Høstfarger på trær er så vakkert : )

SchneiderHein sa...

What a wonderful red and green. I like theses colors in autum very much.