fredag 31. august 2007
torsdag 30. august 2007
Favorittfurua mi!
onsdag 29. august 2007
Måneskin
Vakker og trolsk nattehimmel. Eg vil ønskje alle som er innom bloggen min ei god natt!
~La dagen leggje seg til ro i nattas fløyelskiste. Der skal han liggje mjukt og gløymt med alt det vonde triste. La det du kjente tungt i han få kvile i si mjuke seng; Guds nåde er det siste.
~Men alt du gjorde godt i dag, sjølv det du ikkje visste. Dei gode tankar, varme ord, det skal du ikkje misste. Det Gud har skrive med sin penn, det skal du ein gong sjå igjen; Hans nåde er det siste.~ Sven Aasmundtveit
Sommarminne, -hortensia i nydelege nyansar.
tirsdag 28. august 2007
Sist i august...sommaren er på hell.
Krypjonsokkoll har spredd seg godt og blømer på nye utløperar.
Lobelia som har blømt heile sommaren står ennå frodig og vakkert blå.
Mange haustteikn i naturen, men ennå er det mange vakre blomar i hagen min.
søndag 26. august 2007
Løvetannfallskjermar
Haustteikn


lørdag 25. august 2007
Lyngheiane blømer.
Nå blømer røsslyngen på Bokn. Det er vakkert når heile landskapet er kledt i lilla. Heldigvis har me ennå ein del lyng igjen, men her som andre stadar gror landskapet sakte men sikkert igjen. Driftsformene i landbruket endrar seg. Det er lite dyr som beitar i utmarka. Før blei lyngen svidd med jamne mellomrom, slik at sauene skulle få nye gode skot å ete. Her hos oss har me svidd ein god del lyng og begynt med villsau. Det er meir arbeid enn me hadde trudd. Det er ikkje enkelt å gjerde dei inne, dei både smyg og hoppar. Me er heldige om lamma oppnår ei vekt på ti kilo, så det er inga gullgruve. Me får sjå kor lenge me held på. Villsauer er flotte dyr som har innstinkta i behald. Lamma er skjønne, dei er i ein fargeskala frå svart via grått og brunt til kvitt. Som oftast har dei fleire fargar.
Det finns ikkje mykje som er meir roande enn vatn! Me har hatt nydeleg ver dei siste dagane, naturen ber likevel bud om at hausten er på veg.
fredag 24. august 2007
Spanske margeritter.
Abonner på:
Innlegg (Atom)