søndag 23. august 2020

Tilbake til start.

Huset vår blei bygd i 1855 og det har vore i min familie sidan 1915.
Dei første hundre åra var det lite som blei endra, 
og etter så mange år var det mykje som trengte vedlikehald.
Vindauge og kledning bar preg av det fuktige klimaet me har her på sørvestlandet.
Det var planta masse tre rundt huset slik at sola ikkje fekk kome til og tørke treverket.
På slutten av 60 talet blei det sett inn store "flotte" termopanvindauge som var mote på då.
Det var slik dei fleste gjorde det på den tida.
Min draum har vore å sette huset tilbake til det vakre bygget det var i utgangspunktet, 
men med vår tids komfort som bad og moderne kjøkken.
Det var så mykje meir eg kunne tenkt meg og gjort, 
men dette var så langt pengane rekte.
Eg og mannen min tok over heile huset i 2010
 etter at det hadde vore generasjonsbustad i mange år.
Me starta med renoveringa i 2011. 
Då tok me heile huset utvendig, og også mykje innvendig.
Etter det har det vore av og på med oppussing farm til jul i fjor.
Nå er me endeleg i mål!
Det er ikkje berre enkelt med omfattande oppusing 
av eit hus ein samtidig skal bu i.
Etter å ha budd i rot og kaos av og på i årevis
er det godt å kunne fokusere på andre ting.


Det har vore ein spanande prosess.
Eg har brukt mykje tid på å leite etter ting som passa min, 
og huset, sin stil.

Det har blitt mange bruktkjøp dei siste åra, iblanda noko nytt og noko arva. 

 Eg er veldig glad i majolika. 

Først fann eg lampen, 

og etter litt leiting fann eg ei blomsterpotte som passa til.



Det gamle fotoalbumet som ligg på etebordet har vore farmor og farfar sitt.


Speilet fann eg på Finn.no,
 og brudekjolen som speglar seg stod mor brud i i 1956.


Det er mykje fint å finne på Finn om ein veit kva ein skal leite etter.
Det er ikkje alt som er frå same tidsepoke,
eg set saman ting eg likar.


Ein av dei største skattane eg eig er kjærastebreva mellom farfar og farmor, 
spesielt sidan eg aldri fekk møte dei.


I fjor var det andre etasje sin tur til å bli pussa opp. 
Badet er lite, men praktisk. 
Badet er moderne med små nostalgiske detaljar.


Eg elskar romantisk tapet, så på soveromma "tok eg han heilt ut". 
På hovedsoverommet er det roser i rosalilla. 
Taklampa er kjøpt brukt, sengelampane er nye, men kopier av gamle.


Fargen på gardinene er ikkje så lyse som dei ser ut på bildet.


Ein gammal sliten speilkommode har fått seg eit par nye strøk med maling.
(Eg er ikkje fan av å male gamle møbler, men denne var malt frå før.)
Det er koseleg å tenke på at her har fleire i mi slekt stått og spegla seg før meg.

Bilde må eg ha, men sidan tapetet har så mykje mønster
 har eg valt ei enkel rose i same fargeskala som rosene på veggen.


Det eine gjesterommet har fått fugletapet.
Guterommet går i grågrønt.


Dei siste romma som blei pussa opp var gang oppe, trapp, og gang nede. 
Her er tapetet 'Ellen' frå annokolleksjonen til Borås.


Novemberkaktusen var det einaste som minna om at det nærma seg jul.
Stovene var lager for alt som høyrde til i andre etasje.


Rett før jul kunne me endeleg flytte senger 
og haugevis med plastkassar opp på loftet
 og få klede og andre ting på plass igjen.


Etter ei enkel julepynting kunne eg opne døra
og ønskje jula velkomen.









Juleduk, raude lys og blomar på bordet.

 Her er det møblar frå ulike tidsepokar.


Mor sin gamle betlehemstall i papp er prega av tidas tann, 
men gjev mange minne frå så mange julehelger.




Når far tente parafinlampen og det lukta parafin i stova, då kunne jula begynne!



       
Eg er ikkje nokon stor nissefan, men desse smånissane er søte.

Nissane bur i eit lite lafta leikehus eg fekk til jul då eg var barn.











Eg er litt som skjæra, eg lika det som glitrar ;)





Dei skjøraste julekulene legg eg i eit gammalt krystallfat.
Dei orginale opphengstrådane heng på, dei høyrer med til historien.


Jul på kjøkkenet.




Fint med lys inne på mørke desember-dagar og kveldar. 


Heime 💓


Første juledag, mildt og fint.
Det er sjeldan julesnø på våre kantar.

^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^^


Etter vinter kjem vår. 
Påsken er innom huset og sola skin inn gjennom florlette blondegardiner.


Den tidsepoken eg er ekstra svak for var då klunkestilen var moderne.
Då var det tunge, tette gardiner og portierer, 
sikkert for å kunne trekke for trekk når det var kaldt ute.
Desse gardinene var svært forseggjorde og vakre med duskar og frynser. 
Minuset var at dei slapp inn veldig lite lys.
Eg har valt blondegardiner som var poppulært seinare for eg vil ha lys inn.


Her har eg samla litt eg har arva og litt eg har kjøpt brukt.


Klunkestil.


Eg har handla på Finn.no, auksjonar, brukthandel, og facebooksider i tillegg til det eg har arva.
Eg har kosa meg masse med dette prosjektet. 
No er det fullt over alt og eg må tenke meg godt om før eg handlar noko meir.
Har litt abstinenser faktisk😉








Blomar i gåve og blomar frå hagen.
Sølvplettskåler med glassinnsats er eg ekstra svak for.




Då eg kom over eit spegel- og hårbørste-sølvsett
 som det var gravert inn Marie på, måtte eg berre ha det 😃
Kikkerten har vore far sin.










Nytt sybord, kjøpt på antikkbutikk i Telemark i sommar.


Eg tar ofte litt frå hagen med inn.


Hortensia i farmor sitt gamle stettefat.


Huset kler stilen og stilen er min!

3 kommentarer:

Ruth Bernssen Bø sa...

Så fint du har fått det. Her er det lagt ned mange arbeidstimar.

Ingvild B sa...

Så mye fin julepynt du har, og den adventsstaken er den fineste jeg har sett ♥

Villrose sa...

Har ikke sett denne bloggposten før nå, men det var en fryd å gå gjennom. Dette huset har atmosfære! Deler din interesse for gamle ting, men har dessverre bare et 80-tallshus til disposisjon. Vi har noen av de samme møblene, men jeg strever med plassering og bruk. Du er en mester i å sette sammen gjenstander og møblere. Liker spesielt de røde detaljene på den brune kommoden, og den sjarmerende hvite speilkommoden.