onsdag 3. juli 2019

Hus- og hagedagbok.

Bloggen min ligg meir eller mindre på is for tida, men eg tiner den opp litt i dag.
Bloggen blir som ei "hus- og hagedagbok" som det er kjekt å kikke tilbake på  og mimre litt av og til.
I dette innlegget kjem det masse bilde frå det siste halvåret. 
Dagane går med til jobb, familie, hus, og hage. 
Etter ein god pause er me i gong med vidare oppussing av huset vårt som er frå 1855.


Første bildet er tatt ein vakker ettermiddag sist i februar, rett før sola glei ned i havet i vest.


Det eine rommet me har pussa opp var opprinnelig eit kammers, deretter dreiv farmor og farfar landbruksforretning her i fleire år, før det blei innreia til kjøkken på 50-talet, og det har rommet sidan fungert som heilt fram til 2011. Etter det har rommet stått på vent for å pussast opp. 
Rommet er nå blitt eit kombirom med garderobeskap, plass til fryseskap og ekstra kjøleskap. Rommet er tilrettelagt for vaskerom, men blir ikkje brukt til det ennå.
Dei filerte gardinlengdene er kjøpte hos 


Blomsterpottene med småfuglmotiv, frå Firkløveren, er kjøpte brukt.


Påsken kom med solrike dagar som lokka oss ut :)
Her har me tatt turen på Boknafjellet.
Den vesle kvite pila på bildet i midten peikar på der me bur.


Seine kveldar har vore brukt til å leite på Finn.no og ulike facebookgrupper etter ting som passar stilen eg vil ha i huset. Majolikalampen fann eg på Finn.no. Den var utan prismer då eg kjøpte den, men etter litt leiting på nettet fann eg prismer på Finn til ein overkommelig pris.


Møblar og lampar er i ein salig blanding frå ulike tidsepoker, men hos oss finn du lite nytt.
 Noko er arva og mykje er kjøpt brukt.


På ettersommaren i fjor hadde eg besøk av jornalist Kjersti Lunnan Aass og fotograf Jeanette Bækkevold som laga ein fin reportsje frå huset vårt, "Stilfull klassereise", for ukebladet Hjemmet.
Eg var veldig spent, og litt nervøs i forkant, men det hadde eg ingen grunn til. Veldig kjekt besøk!
Reportasjen kom i bladet i veke 13 i år.


Diskret påskepynta med blomar, kyllingar og påskegg.


Parafinlampe med nydelig glasskjerm, og antikt speil. Eg elskar denne nostalgiske stilen.


Parafinlampar, porselen, og møblar i klunkestil.


Farmor og farfar, Helene (født Refsland) og Peder Thorland, 
med familie nederst til venstre, og bak lampen øvst til høgre. 
Nedst til høgre er bilde av fjonge damer i farfar sin familie då dei var i Amerika ved sekelskifte 1900.

 

Mellom gamle gardspapir fann eg eit Garanti Certifikat på seperatoren farfar kjøpte i si tid. 
Det var så sirlig og forseggjort at eg ramma det inn og sette det til pynt. 
Stettefat etter farmor med farmor sine prestegardsroser i. 
Sølvbestikk, konfirmasjonspresangar til mor og far, står til pynt i ein kopp.


Farmor sin gamle symaskin er tatt ned frå høgeloftet, gjort godt rein,
 og sett på kvit duk på eit lite bord i stova.


Blondegardiner til tørk i sola.
Mange lengder som skulle vaskast, tørkast, strykast, og hengast opp igjen.


Nostalgi.


Eg er svak for vakkert porselen.


Eigne bardomsminne i hylla på veggen. Papirdokke, Mine glans, 
og boka om Tommelise som eg fekk av mormor og farfar til åtteårsdagen min. 
Eg har kopiert og laminert tre minne frå mor si minnebok som også har fått plass i hylla.
Munnladar-børsa på veggen har vore oldefar/farfar/far si.


Vår!


Rhododendron-buskane baud på ekstra rik og vakker bløming i år.


Deilige, milde, dagar i deler av mai. Fint å vere ute for både folk og dyr.


15. juni dekka eg bord til venninnefest.

Blomar frå hagen til pynt, også på badet.


Eg var så heldig å få tilslaget på denne gamle skreddarbysten på auksjon på busdagen min. 
Den blei bursdagsgåva frå mannen min i år.
Kjolen er mor sin brudekjole. Brudekjolen er sydd etter mål av ei lokal sydame i 1956.
Nydelig snitt og stoff-trekte knappar, fantastisk fint arbeid.


Praktmedinilla, bursdagsgåve frå ei god venninne, passa perfekt i ei antikk majolikapotte.


Kjølig og regnfull juni, men solgløtt innimellom.


Ut og nyte blomar og fuglesong.




Endeleg blei det slåttever.


Sankthansfeiring på Nærmiljøanlegget. Heimtur i kveldsol.




Frodig i hagen i år, det har i alle fall ikkje mangla vatn!


Heldigvis har det vore dagar utan regn også, 
nok til at huset har fått eit par strøk med maling i løpet av juni.

Etter at stilas og stigar var fjerna kunne blomsterkassar og pottar settast på plass der dei skulle stå.








Laurdag var det sommarmarknad på kaien her på Bokn.
Gamle nattruta, Sandnes, låg til kai, det var utstilling av gamle bilar, traktorar, og båtmotorar.
Salsboder med ulike ting, matsal, og litt aktiviteter for barn og vaksne.

Nå vil me ha sol og varme slik at me kan kose oss ute.
GOD SOMMAR

4 kommentarer:

Ruth Bernssen Bø sa...

Du bur på ein fin plass, og har det flott rundt deg, både ute og inne.

Ha ein fin sommar

Marie sa...

Takk��

Birthe Marie sa...

Fantastiske bilder fra hjem , hage og nærmiljø. Jeg ser du har mye å gjøre, for et hus med så mange antikviteter krever sitt. Hagen gjør seg heller ikke selv. Det er imponerende å se alt det vakre du både har tatt vare på og fått tak i senere på Finn og på bruktmarkeder. Jeg leste artikkelen din i Hjemmet. Det var koselig å se noe jeg liksom kjente litt. Ønsker deg en god sommer, og håper vi får det litt varmere snart! :-)

Marie sa...

Takk❤