søndag 6. januar 2019

Alle desse dagar...

November kom og gjekk.


Dagane er korte i november, ein må ta vare på dei solstrålene ein får.


Låg vintersol inn i stova.







Inne blømer novemberkaktus...


Ute er det framleis litt som blømer sjølv i november.


Stille, kaldt og vakkert.


Barnebarnet på same steinbenk som eg sat på då eg var på hans alder.


Inne tenner me tidleg lys. Er dagane grå brenn det heile dagen.




"Ny" lampe, kjøpt på antikkbutikk.


Advent, lys i mørketid.


Kvit azalia, ein av favorittblomane mine, må eg ha til jul.


Fint å stå ute og sjå på lyset inne.




Juleverkstad på kjøkkenet. Ein som likar å lage julekort og julepynt.


Etter julegrantenning og fakkeltog i den nye lysløypa gjennom skogen i regnver
 er det godt å komme på lysmesse i ei god og varm kyrkje.
Julestemninga kryp sakte inn.




Siste veka før jul kjem julepynten fram, litt etter litt.
Kransen på døra ønskjer velkommen inn.


Blomar, kongler, mose, og ei skiferpanne med ei blåmeis
 og GOD JUL med lyslenke rundt på trappa.


Raud duk, raude lys, og alpefiol på den gamle kommoden på gangen.


På spegelbordet blir tørka hortensia i stettefatet bytta ut med raude "eple".




Kjøkkenet ber preg av mange timar med juleverkstaden til barnbarnet, 
både her heime og på skule og sfo.




Når ein har barn i huset høyrer eit nissehus med til julepynten.



Farmora er meir glad i blomar og broderte dukar :)


Alt treng ikkje vere raudt.


Betlehemstallen har ein sentral plass i juleferinga hos oss
Betlehemstjerna har barnebarnet laga :D 


Eg berre elskar parafinlampar, av praktiske årsakar vil eg ha dei ombygde til elektrisk. 
Denne etter far sin familie har nok hatt fot eller vore i ein taklampe opprinneleg.


Eg er litt hekta på møbler frå rundt århundreskiftet 1900.




Dei eldste, skjøraste glasskulene har fått plass i farmor si gamle stetteskål.




Barndomsminne. 
Mor sin gamle stall i papp, som er teipa og lappa, er den kjæraste julepynten eg eig.


Tidleg morgon vesle julafta, i dag skal juletreet pyntast før alle fire adventslysa skal tennast.


Juledag 


Herligaste julegåva, kunst- og handverksprosjekt av barnebarnet.


Romjul





Nyttårsafta


Litt juletrepynt.







Første nyårsdag kom med eit forrykande uver.


Likar betre dagar som denne.


Typisk søvestlandskyst-vinter, litt rim om nettene, nokre regndagar innimellom, 
og kanskje eit lite snødryss av og til. 
Eller ein durabelig snøstorm med meterhøge fenner kan også forekomme. 
Det er ni år sidan me hadde snø som blei liggande over tid.




"Sov du vesle spire ung, ennå er det vinter."
Her blømer perleblomar og våriris om nokre månader.


Før det ønskjer eg meg stille fint turver :)

GODT NYTT ÅR!

8 kommentarer:

Villrose sa...

Ja, de solstrålene må vi vite å ta vare på!
Stemningsfullt hos deg, som alltid.
Godt nytt år!

Susanne sa...

Du har det veldig fint, synes jeg :) Bildene er flotte.

Birthe Marie sa...

Så mange flott bilder du har tatt. Mange skatter og antikviteter som har fått plass i ditt hjem. Flott juletrepynt! Kjekt å ta vare på gamle ting som gir oss gode minner.:-)

Petrinetrollmor sa...

Nydelige og stemningfulle bilder. Du har det så koselig og du får det så fint fram her i innlegget. Dette kan du, Marie !

Vform sa...

Vilket underbart hem du har Marie!!
Önskar Dig och din familj ett Fantastiskt NYTT ÅR!
STOR KRAM från Vivan ♥

hjemveien sa...

Godt nytt år til Deg og De rundt deg!
Flott å se hos deg igjen.
Fint å se bilder av utsikten med skiftning mellom Uvær og Finvær, -
slik livet også kan være, -
og du vet at plutselig
kommer finværet.
Hilsen Harald.

naturglede/Randi Lind sa...

Så koselig med en skikkelig bildekavalkade. Du har det så vakkert både ute og inne. Godt nytt år. Håper du blogger litt i det nye året også. Ha en vakker søndag :)

amo sin blogg sa...

Så mange flotte bilder du viser.
Godt nytt år til deg og dine.

Helsing Anne-Mari