fredag 1. februar 2008

Pakke i posten og ei lita utfordring.

Dette fekk eg i gåve frå Molly's heaven i dag og det berre for at eg la igjen ein liten kommentar! Eg elskar positive overraskingar og dette var nydelege ting! Tusen, tusen takk! Du er verkeleg snill! Engelen er alt hengt opp under ein lampett over skrivepulten i stova, sånn at eg ser han kvar gong eg sit ved data-en. Eg synes han er skjønn. Skiltet kan eg bruke når eg er ute ein snartur. Eg vurderer å legge det på puta mi, det hender at mannen lurer på kvar eg blir av når han har lagt seg, hehe. Eg er ofte på reise etter leggetid, -i Blogglandia! ~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
I dag fekk eg ei utfordring frå Eba. Eg skal skrive sju avsløringar om meg sjølv.

1 Eg er eit ei blanding av eit skippertakmenneske og perfeksjonist.

2 Frå naturen si side er eg eit utprega B-menneske, eg er snar til å "snu døgeret" i feriar.

3 Når eg køyrer bil spelar eg musikk på full guffe og gaular med for full hals.

4 Eg har lett for å snakke i munnen på andre, ikkje vondt meint, men eg klarer ikkje vente.

5 Favorittboka mi på skulebiblioteket handla om honningmauren.

6 Då eg var barn og tenåring var eg veldig sjenert.

7 Eg likar ikkje husarbeid, men likar å ha det fint rundt meg.

Er det nokon andre som har lyst å komme med avsløringar så kom igjen!

6 kommentarer:

ChatrinesLiving sa...

Hei Marie!
Så masse flott i bloggen din siden sist! Jeg har jo bare vært så opptatt i det siste, så dagene går med til å hjelpe min søster å bytte leilighet, men nå har hun endelig kommet på plass der:)
Så fine ting fra Mollys Heaven! Koslig hun er!
Så må jeg jo bare si at: for noen nydelig bilder av din mamma på hennes store dag!
NYdelig dekket bord!!!
Ha en fin helg!
Klem:)

Randi sa...

Så fint det var det du hadde fått fra Mollys Heaven, er nok en engel der også ;)

Nessa sa...

I like the angels.

Mita`s hjørne sa...

Gratulerer, skiltet var jo kjempeflott...

Ha en koselig helg...

Berit T sa...

Flott engel, koselig med overraskelser.

Det skiltet- det var en god ide- å lege den på puta,hehe.
klem herfra.

Hulda sa...

Så fint det skiltet var. :)