tirsdag 3. juli 2007

juniminne 2007

"Prosjektet" mitt dette året er ein samanplanting av forskjellige sorter einer. Her var det bringebær-ris og gras i fjor. Eg har lagt duk under barken.

Her kosar sauene seg mellom vintergrøne vekster.

Iris er nydeleg, men bløminga er kortvarig.

Fargane på storknebb-bladet og denne stemorblomen er fine saman.

Prestekragen strekker seg opp over treverket på den gamle slipesteinen.

Hagen trengte le mot "sørausten" som kan bli skikkelig frisk også om sommaren. Eg vil ha hekk som ikkje treng å klippas kvart år og eg ønskjer mest mulig naturlege former. Det passar best i ein gammal bondehage. Eg har valt rynkeroser. Dei blei planta ifjor og kjem seg fint. Eg har tenkt å klippe dei ned kvart fjerde år for å halde dei frodige og fine.
Desse to står utfor døra og ønskjer velkommen inn!
Takløken trives i sprekker på berget. Uheldigvis trives småsyra også her og den er ikkje lett å ta knekken på.
'Scabiosa' er ein av favorittane til sommarfuglane. Her er neslesommarfuglen i matfatet.
Her sto ei stor gran som ein gong for ca 80 år sidan var juletre i stova på Heimdal. Ho var planta i ei bøtte og etter julehelga blei ho sett i hagen. Der fekk ho vekse seg stor. Ho har vore tuntre her til i fjor. Då var ho blitt så stor at ho dominerte heile hagen. Det var med vemod me saga henne ned. Me lot ein del av stubben stå igjen og planta rundt. Eg synes sjølv at det blei fint.
'Friesia' er rosa som blømer aller først i roserabatten min.

10 kommentarer:

Anonym sa...

Nydeleg hage! Gammal bondehage er mykje meir interessant enn ein "vanleg" hage:D Kjekt at stubben står igjen:)

FO - 2 sa...

Takk for besøk på bloggen min. Kommentaren var slettet, men leste den på e - posten.

Fin hage du har! :)
Flotte roser!

Kommer på besøk igjen, jeg. :)

Ha en fin dag.

Marie sa...

Hei Ida
Eg la inn ein kommentar til på bloggen din. Kjekt du likte hagen min. Håpar bloggen blir meir proff etterkvart som eg finn utav ting...

Marie sa...

Til Ida. Ja, min blogg altså. din blogg er heilproff.

FO - 2 sa...

Det er bare å prøve seg fram det.... :)
Blogging er gøy det!
Kan linke til deg om du vil det?
Du har ett fint utgangspunkt. Fin hage og fine blomster. Så, da er det gøy å knipse i veg med fotoapparatet.
Kos deg i hagen og med bloggingen. :)

Marie sa...

Eg vil gjerne at du linkar til meg. Ekstra kjekt med kontakt med andre. Eg har vore inne på mange av linkane dine, mykje flott. og ikkje minst inspirasjon. Alle har sitt særpreg. Mange kreative menneske rundt omkring.

FO - 2 sa...

Takk for besøk hos meg igjen.
Har linka til deg nå.
God juli dag til deg. :)

minerva.jor sa...

Et idyllisk sted du bor på, tittet på alle roser dine:)
Koselig og komme inn på bloggen din:)
Ha en fin dag!

Sol sa...

Hallo på deg ;-} Tusen takk for koselig hilsen i bloggen min.Velkommen til bloggverdenen! her var det masse flotte roser, en fryd å se. jeg har også plantet nye roser,men de har rett og slett regnet helt bort,så de er ikke så fine lenger.Ikke fikk jeg tatt skikkelig bilde av dem heller. Får vente til det vokser ut nye roseknopper. Ser at du har det fint rundt deg, det e rmye jobb å få det til så fint. Ønsker deg en fortsatt god sommer!

FO - 2 sa...

Du kan gjerne linke til meg.
Koselig det. :)