torsdag 5. juli 2007

Oversyn over hagen

Velkommen til Heimdal!!!

Kom inn og ta ein liten kikk! Blomar rundt "minnesmerke" etter julegrana.

"Kosekroken". Her smakar kaffien ekstra godt med blomelukt og humlesurr til.

Utsyn oppover vegen frå "Kosekroken". Boknafjellet i bakgrunnen.

Stor open plen nedfor huset. Ulike hekkplanter langs ytterkantene. Nokre buskar og tre i tillegg. Her kan gjerast mykje, men det kan fort bli berre rot. Derfor er det viktig med gode planar.

Kristornhekk markerer grensa mot nord lengst aust i hagen. Han blei planta i 2006. Eg klipper ei grein på kvar kristornbusk kvar vår, då kjem det fem nye greiner. Når hekken er tett nok klipper eg i høgda dersom/når det trengs.

Dette blir omlag 30 m. flott rosehekk med tid og stunder. Planta i 2006.

1 kommentar:

Janne sa...

Ååå:) No fekk eg lyst til å reise på besøk! Er så koseleg hjå dykk (både ute og inne). Det var tider det, før regnet kom...