torsdag 9. oktober 2008

Ein merkedag på Heimdal.

I grålysninga klokka sju idag såg me at dette kom til å bli ein dag med klart og stille ver, elles kunne det vore ein heil vanleg torsdag i oktober. Denne torsdagen, den niende oktober 2008 blei derimot ein heilt uvanleg dag. I fjøset hadde det vore aktivitet sidan klokka var halv fem med mjølking, strigling og børsting av kyr som skulle ut "på tur" i dag. Kvart over sju kom dyretransporten. Kyrne blei sleppte i puljer på tre til fem stykke om gongen. Lastinga gjekk fint og roleg føre seg, ingen roping eller slag, berre ein kjepp til å møte med. Etter nokre få minutt er tolv kyr lasta på bilen.
Både bonde og sjåfør var nøgde med at lastinga gjekk som smurt. Så var det ut på første etappe til livdyrfjøset hos Nortura i Sandeid der dyra skull auksjonerast bort.
To av kyrne våre skulle til ein annan gard her på Bokn og dei transporterte mannen min sjølv. Auksjonen gjekk bra, alle dyra som reiste i dag blei selde som livdyr. Håpar at dei får det godt der dei kjem.
Ein merkedag hos oss dette, men også ein merkeleg dag. Sjølv om eg lenge har gleda meg til dette er eg litt tom akkurat no...
I morgon kjem dei første ammekyrne.
Eg skal ikkje i fjøset i kveld! JIPPI :)))

søndag 5. oktober 2008

From beautiful flowers to beautiful seeds.

Lunaria annua, Judaspenger (Juda's coins).
Iris Pseudocorus, sverdiris.
Aesculus hippocastanum, chestnut, hestekastanje.
You can find more Todays flowers on this blog. Have a nice autumn week :)

lørdag 4. oktober 2008

Nedtelling 10-9-8-7-6-5....dagar igjen...

Eg er begynt nedtellinga til at me skal selge mjølkekyrne. Torsdag den 9. okt, skal dei selgast på Nortura sin livdyrauksjon. Båsane skal fyllast opp av ammekyr av kjøtfe istaden. Etter over tjue år som mjølkebønder er tida inne for å gjere noko anna for vår del. Eller rettare sagt så gjer me noko anna no også -i tilegg til mjølking. To årsverk på garden som gjev ca ei halv industrarbeidarinntekt gjer at minst ein av oss må ha anna arbeid i tillegg. Når me no legg over til kjøtfeproduksjon får me frigitt tid slik at me kan ta igjen arbeid på garden som har vore forsømd i lang tid grunna tidsmangel. Kanskje kan me til og med få litt fri innimellom, litt tidlegare kveldar og meir fri i helgene. Så får eg håpe at dei treng meg eindel i barnehagen der eg jobbar som vikar. Eg stortrivst både med barna og dei eg jobbar saman med. Litt rart blir det jo for så lenge garden har eksistert har det vore produsert mjølk her og så lenge det har vore meieri i nærleiken har det vore levert mjølk dit. Det blir nok ei ny tidsrekning på Heimdal no; før og etter at mjølkekvota blei selt. Det har lenge vore; før og etter at me fekk fastlandsforbindelse. Så får me håpe at Rødlin, Gullros og resten av gjengen finn seg godt til rette i nye "heimar". Dette har vore arbeidsplassen min i mange år. Måling av mjølkemengd og prøveuttak for kvalitetstesting.
Mjølkeprøvar klare for å sendast til analyse. Mjølka er tilsett eit middel for at ho ikkje skal forringas under transport. Det skal i tillegg førast opp masse opplysningar som skal sendast med.
Eidel av kalvane i år har far av kjøtferase. Her har dei små gått til ro etter ein mjølkeskvett, kraftfor og høy og litt "skal vi danse". Då eg kom med kamera var dei raskt på beina for å finne ut om eg kom med noko som var etande.
Kalvane i denne bingen er vanleg NRF. Då dei først er framme i eta smaka det med nokre høystrå.
"Medaljar" for "lang og tru teneste", den første for fem år med 100% "elite-mjølk" gjennom heile åra, den neste for ti år. Så om det ikkje har vore så mykje "pepp-talk" og klapp på skuldra i kvardagen har me iallfall nokre synlege prov på godt arbeid. Så vil det vise seg korleis livet og arbeidet blir framover...
Eg gler meg iallefall stort!
God helg :)