onsdag 15. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven blomsterfavoritt.

Nå er me komne til siste runde i x-faktor-konkurransen som Moseplassen arrangerer. 
Denne gongen kan me velje svarte, grønne eller fleirfarga blomar. 
Ein av mine absolutte favorittar er vivendel!
Nokre meter frå inngangsdøra på huset vårt går hagen over i eit brattlendt område med 
bergknausar og "villhage" med tre og det som elles vil vekse der heilt utan hjelp frå meg.
 Her breier vivendelen seg villig over store område. 
Vivendel har ein av dei herligaste angar ein kan finne i blomeverda synest eg. 
Lukta er sterkast om kvelden, natta og i tidlege morgontimar 
før sola eller eit vindpust tørkar doggen bort. 
Lukta av vivendel har følgd meg gjennom alle somrane mine 
og ber med seg minne frå barndom, ungdom og vaksenliv.
Eg har lyst å dele nokre av desse minna.

Det første er frå sommaren eg fylte sju år. Den sommaren blei det bygd ny silo på Heimdal. 
Frå å tørke alt graset som høy som me alltid hadde gjort blei nå mesteparten lagt i silo.
Nå kunne mor og far også jobbe med grashausting om kveldane. 
Me småjentene sat då på "fjosskotsjen" og åt kveldsmaten vår frå matboks, 
ofte med kakao til, medan mor og far la i siloen.
Når me kom inn på tunet og skulle inn for kvelden slo godlukta frå vivendelen imot oss. 
Dette barndomsminnet dukkar opp hos meg kvar sommar.

Seinare då eg kom i ungdomsåra kom eg ofte heim i seine nattetimar
 og blei møtt av den same herlege lukta. Eg har både gode og såre minne frå den tida.
Her seier vel diktet av Kolbein Falkeis som eg har sitert under 
noko om det å vere ung som mange av oss kjenner oss igjen i.

For eitpar år sidan kom eg ruslande ned vegen vår langt på natt 
etter ein flott kveld saman med gode venner. Det var ei blikkstille, 
varm natt og dei første fuglane var begynt å helse eit nytt morgongry velkome.
Då "møtte" vivendelen meg med så mange minne; 
gode, varme, triste, vonde, såre, lukkelege, 
alle fasettane livet er samansett av 
og som gjer det til den flotte mosaikken det er
 med mørke, lyse og fargerike bitar. 
Eg blei fylt ein stor takk over livet.


Vårnatt
Nå bygge nåttå stille
si tynne stjernebro,
og øve den går eng og skog
og maidagen til ro.

Den fysste sommarfuglen
har lukt sitt vingepar,
og som ein song av fred og jord
går søvn fra gard til gard.

Men ennå våke drømmer 
bak vegg og stengte grind.
I unge hjerter suse det
ei lengting sår og linn.

Og febervarmt aleina
når alt har funne havn
lukke heite lepper seg
forelska rundt et navn.

Ei vårnatt bygge stille
si stjernebro så tung
å herregud, så godt det va
og vondt å væra ung.
Kolbein Falkeid
(Diktet er i Vamp sin versjon)


Kikk innom her og sjå alle dei flotte deltakerane som er med i denne siste runden :)

8 kommentarer:

Ida sa...

Rørende vakkert, Marie.
Du er virkelig til stede i livet, du. Helt og fullt.
Også beskriver du det hele på en veldig fin og god måte.

Glad i deg!

Lykke til!

God klem fra meg.

Hulda sa...

Så fint innlegg, Marie.. Rørende. Kunne kjenne meg godt igjen i både det du skriver, og i diktet. Gode ord fra deg. Takk for et fint innlegg.

sigrid sa...

Nydeleg!

Stor klem :-)

Vform sa...

Vilket underbart inlägg du delar med dig, Marie !!
Du beskriver ditt liv enbart utifrån doften av en enda blomma! Underbart!
Ha en FIN dag!
Kram Vivan

Laila -Karin sa...

Vakkert

Christine sa...

Vivendelen e ein av mine favorittar o, og eg o har gode barndomsminner om den. Så eg kjøpte meg 2 forskjellige på Plantasjen i fjor, og ska ikkje se bort i fra at eg kjøpe et par te i år.

Supert dikt og innlegg.

Mandelhjärta sa...

Flott innlegg! Tenk at blomster kan være "minnebøker" iblant? Alle sinnene kan ta vare på minner.
Herlige Kaprifoler (som jeg kaller disse duftende blomstene)! :)
Lykke til i konkurransen, og fortsatt god dag!

naturglede/Randi Lind sa...

Du verden så vakkert både ord, dikt og bilder. Merkelig hva dufter kan får fram? Jeg har sånne minner rundt sjasmin, kaprifolie, syrin, hegg og mange andre trær og blomster. Dufter leker fram minner, det er sikkert og visst. God helg til deg :)