fredag 3. februar 2012

X-faktor blomsterutgaven, blå.

Moseplassen er igong med ny konkurranse. 
Denne gongen gjeld det å presentere vakre blomar med X-faktor, altså "det lille ekstra". 
 Eg hadde tenkt å få med  meg alle fargane i denne konkurransen, 
men rosa fekk eg ikkje med meg dessverre. 
Denne gongen er det blått det skal konkurrerast i. 

Blått i alle nyansar er favorittfargen min og eg har mykje blått i hagen min. 
Det var ikkje lett å avgjerde kva for ein blom som var verdig å bli med i konkurransen. 
Til slutt blei det Myosotis forglemmegei (blir også kalla minneblom og mariauga) som trekte det lengste strået. Forglemmegei gjer seg best i større mengder, 
men kjem ein tett nok på ser ein at kvar enkelt blom også er strålande vakker.
Det er ikkje berre blomen som er vakker, men også namnet; forglemmegei eller minneblom.
Forglemmegei var ein av dei første blomane som kom på plass i hagen min då eg starta med hage.
Før det hadde eg ofte nytt synet av ville forglemmegei i ei eng like ved huset mitt.

Eg elskar denne sarte pastellblå fargen, den minner meg om knappane 
på ein sommarkjole eg hadde då eg var lita jente. 
Då kjolen blei forliten for meg blei han gitt til ei innsamling til barn i Afrika. 
Mor spretta or dei lyseblå knappane og sydde i kvite i staden slik at fekk behalde dei blå knappane. 
Eg håpa lenge på å få sjå ei lita svart jente i min kjole på fjernsynet, men så heldig var eg ikkje :)




Konkurransen finn du her.
Ta ein kikk på alle dei flott bidraga eller delta på konkurransen sjølv :)

8 kommentarer:

Elin sa...

Fint bilde du har valgt. Jeg har i motsetning til deg veldig lite blå blomster i hagen, selv om blått er favorittfargen min. Må nok skjerpe meg til sommeren. Ha ei fin helg! :-)

Mariann sa...

Nydelig bilde av denne vakre vårblomsten.
God helg og lykke til i konkurransen!

Laila -Karin sa...

Nydelig bilde Marie
Ha en riktig fin helg.
Klem

krepsemor sa...

Så fint tenkt av din mor som omsorgsfullt sprettet av de fine knappene! Det er rart med de barndomsminnene =)
Forglemmegei er en nydelig blomst!
Ønsker deg lykke til!

Huldra sa...

Vakkert bidrag med herlig historie. :)

Lykke til i konkurransen fra Huldra. :)

Turid sa...

Dette er virkelig et nydelig bilde! Lykke til i konkurransen! ;)

Klem, Turid

Anne (Moseplassen) sa...

fint minne, og nydelige blomst :)

Hyggelig at du ble med på konkurransen Marie

Kari sa...

Å, så nydelig. Og jeg ser godt for meg knappene. Det ringer svakt i et minne hos meg også, men jeg klarer ikke helt å ta tak i det.

Kjempetrivelig :-). Lykke til!