"Ein knopp som brest, er eit underverk som spring ut av gøymestaden sin."
onsdag 30. september 2009
Underverk og aforismer.
søndag 27. september 2009
Takk til snille, godhjarta damer.
Då Laila med bloggen Tankespinn og fargeklattar hadde sal på mange fine loppefunn for ei stund sidan fall eg pladask for eit fin sett med fruktfat med asjettar til. Eg tok kontakt, men dei var uheldigvis alt selde. Laila kom til å nemne dette til ei god venninne som sporenstreks fann fram eit vakkert sett frå Figgjo Flint ho hadde og sa at det kunne eg få kjøpe. Med dette innlegget vil eg takke deg du ukjente dame :) Eg har heilt sidan eg var lita jente vore veldig svak for fine fat med fruktmotiv. Det minner meg om juleselskap me var i då eg var lita. Eg skal ta dei fram i jula som kjem samstundes som eg sender Laila og ei ukjent "mor-godhjarta" ein venleg tanke :)




Takk også til alle dykk som flittig kommenterer på innlegga mine :)
Små gåver det også :)
lørdag 26. september 2009
Jonsok? Olsok?
Nei, dette er verken jonsokbål eller olsokbål sjølv om veret er slik me drøymer om at det skal vere på slike "bålkveldar". Dette bildet er tatt den 15. september. Siste sommardagen eller første haustdagen? Det kjem an på veret og ikkje minst auga som ser. Dette året vil eg seie det var den aller siste seinsommardagen her hos oss. På primstaven står det om "krossmesse" som er 14. september; No skulle kornet vere i hus og det var siste bufarsdag frå setrene.
God helg :)
torsdag 24. september 2009
Macrofotografering med nytt stativ.
I dag har eg tatt i bruk nytt stativ til kamera. Eg var ute og testa med macrolinse på kamera. Her er litt av det eg sat igjen med etter å ha sortert ut dei beste. Eg har berre brukt manuell fokusering, resten er autoinnstillingar. Det er måte på kor mykje nytt eg klarer å styre med på eingong, hehe.

onsdag 23. september 2009
Fine gåver og gode ord.
Saman med gode samtalar, god mat og fine turar vanka det også gåver frå dei eg var saman med i helga. Og som de ser har begge fått med seg at eg er ei "blå dame".






Eg lovar å rette på det ved ein seinare anledning :)
mandag 21. september 2009
Minnerik helg.
Bloggtreffet eg har annonsert med store bokstavar i fleire omgangar i det siste enda opp som eit bittelite minitreff. Det var mange som hadde lyst å kome, men andre planar, lange reiser eller sjukdom sette ein stoppar for fleire. Heldigvis dukka det opp ei "gammal heks" frå Toten og redda oss frå å føla oss som Sponheim etter valet. Gammal heks var no strengt tatt å ta for hardt i, ikkje hadde ho sopelime og ikkje var ho gammal. Ho er ei positiv og flott dame som det var lett å få kontakt med. Sidan me alle tre er fotogalne, likar å gå i naturen og er glade i å blogge fann me straks ein god tone.

















torsdag 17. september 2009
Heimtur i strålande ver!
Eg skulle vel kanskje valt berre dei beste bilda til dette innlegget, men eg likar sjølv å "vere med på reisa" når eg ser bilde hos andre derfor så mange bilde. Fotografen som underviste på kurset eg nettopp var på sa at han tok ikkje eit og eit bilde, han laga fotostorys. Dette var kjekt å høyre for meg som likar å vise bilde på denne måten, sjølv om eg trudde at ein "ekte" fotograf berre viste dei aller beste blinkskota. Så er eg berre ein amatør som elskar å fotografere så då gjer eg akkurat som eg vil :)




































Abonner på:
Innlegg (Atom)