Neste morgon tok eg dette bilde frå balkongen på hotellrommet vårt. Jølstravatnet låg speglblankt og det var eit lett skydekke.
Heilt innst i botnen av Jølstravatnet er det berre ei bru mellom vatnet og Kjøsnesfjorden, eit smalt vatn som strekker seg inn mellom stupbratte fjellsider. Me tok turen over brua og køyrde utover langs Jølstravatnet på andre sida for å kome til heimplassen til kunstnaren Nikolai Astrup.
På brua stoppa me og eg tok dei neste fem bilda innover Kjøsnesfjorden.
Her (bildeserien under) budde Nikolai Astrup når han var heime i Jølster. Tunet er i dag museum. Du kan lese meir om Astrup her. Eg har også laga ei lenke til maleria hans, dei finn du her.
I desse små husa levde Astrup saman med kona Engel som berre var seksten år då dei gifta seg. Dei fekk åtte barn saman.
Legg merke til det bittelitle huset til venstre på bildet (under), der budde mor til Engel då ho blei gammal.
Her heng fine heklagardiner som ikkje stel for mykje lys i dei små vindaugene.
Heimen ber preg av at også Engel var kreativ og flink med hendene.
I tillegg til Nikolai Astrup sine maleri er det vakre vevde åkle på veggene. Det er også vevde teppe på sittebenker og bord.
Vogga ber preg av å vere godt brukt.
Vakkert mellomverk på sengetøyet.
Frå kjøkkenet.
Staffeli, palett og hattar er tatt vare på.
Engel var også ein kunstnar på sitt felt. Ho teikna og trykte mønster på stoff. Dette sydde ho gardiner og puter av, i tilleg til klede. Kjolen under har ho laga sjølv. Til venstre familien sin dåpskjole som kjem frå Nikolai sin heim.
Puter som Engel har laga.
To av platene ho brukte til å trykke mønster på stoff med.
Syskrinet til Engel.
Dei var flinke og hadde stort tolmod mange kvinner før, men det var nok før ordet fritid var oppfunne.
Etter museumsbesøket tok eg dette bildet som viser små gardar som speglar seg i Jølstravatnet.
Me køyrde same vegen tilbake over brua (bilde tatt frå brua og inn fjorden) og køyrde vidare langs Kjøsnesfjorden og opp i fjellheimen.
Det blei eit langt innlegg dette, men eg hadde lyst å vise alt frå Jølster i eit innlegg.
20 kommentarer:
Men oj så otroligt vackra bilder du har tagit! Så förtrollande landskap och de gamla husen. Jag skulle vilja besöka detta nån gång i framtiden. Mycket fint !!!
Hei.Virkelig nydelig bilder.Å så mye fint inne i di gammle husene.Der skulle jeg ha vært.Elsker slike fine gammle ting.Ha en riktig fin Tirsdag.Bodil
Dette var reine skoletimen,med vakre bilder og god forklaring på dem.Lærte masse her jeg.Takk for at du tok oss med på denne turen og fortalte så utførlig om det du så der.
Ha en fin dag,klem fra Anne-Berit.
Du er kjempeflink å skildre...
Og svært dyktig fotograf!
Reine måleri ;-)
I love your photos Marie. You live in a fairy land
Marie... such a treat viewing all these photos. I love the wooden houses, very tropical in look and artistry.
Cheers,
~bangchik
How beautifully charming, Marie! Not sure where I went but enjoyed the journey enormously! Thanks for taking us along!
En flott tur i Jølster, og til Astruptunet. Jeg er tante til ei som bor der i Jølster. Vakkert sted og flotte bilder!
:))
Det er fint i Jølster -
og du gjengir det på en fabelaktig måte her.
En fin omvisning i Jølster og på Astruptunet dette.
NYDELIGE bilder! :)
Engel....
FOR et vakkert navn! :)
Åhh, no vart eg heilt varm om hjartet av desse vakre bilda. Jølster er nemleg heimbygda mi også :), sjølv om eg ikkje har budd der på 26 år. Eingong Jølstring, alltid jølstring...
Du er flink Marie, med ord og bilete.
flott innlegg!!
Hadde ønska jeg kunne skrive med større bokstaver... da skulle jeg skrevet bare ett ord'
V A K K E R T !!!
Litt av en tur dere har hatt! Mange flotte bilder fra det vakre Vestlandet:D
Fantastisk natur...som du viser med dine nydelige bilder!!
Benken har eg vore på plantasjen i Haugesund og fått tak i....:-)
Marie, what a beautiful place! Those sod roofs on the houses are interesting.
Your photos are really wonderful.
beautiful photos, the light is so magical!
xox,
Susan
http://confessionsofasineater.blogspot.com/
Ingen fritidsproblemer med 8 barn og så mange jern i ilden. Det var kanskje ikke så rart at kvinnene ikke ble så gamle i de tider.
Nydelig natur i det området også. Heldigvis at noen holder kulturlandskapet i hevd, ellers ville det nok sett annerledes ut, ja.
Nydelige bilder fra en flott natur.
Astrups bilder bærer vel også preg av å ha vokst opp i et så fantastisk landskap.
Veldig fint å få kjennskap til Engel og Nikolai Astrups liv og virke.
Ha en god dag!:)
beautiful fjords and lovely grass thatched houses! thank you so much for sharing this with me!
Legg inn en kommentar