torsdag 13. august 2009

Heibergske samlingar i Kaupanger.

Museumsbesøk høyrer ofte til ein vellukka ferie, hehe. Fin natur er flott, men litt kultur og "mottamjøl" høyrer med. No er det vel kanskje årsaken til at dette gamle er så fint er at det ikkje er mott i det. Me var innom dei Heibergske samlingar i Kaupanger. Her var det masse å sjå og me kunne brukt heile dagen der om me skulle fått med alt. Her er det mellom anna samla masse hus frå ulike tidsepokar frå mellomalderen og fram til idag. Eg tidfestar ikkje noko her, men bilda ligg i kronologisk rekkefølge og du kan lese meir om samlinga her.
Eg trur at dette må vere det eldste tunet. Stabburet er bygd på ein sånn måte at mus og rotter ikkje kunne koma inn, legg merke til trappa med mellomrom opp til dørstokken. På bilde under ein kikk inn. Praktisk med vogga hengande i taket så kunne dei vogge barnet enten dei sat til bords eller låg i senga. Dei var ikkje "født igår og turka under ovnen" i dei dagar heller, jaja, det siste var dei kanskje (turka under ovnen altså). Her eit litt meir "moderne" hus, her hadde dei til og med balkong. Ser for meg snorer med ullbolar til tørk her. Vasselane (vassåka) minner om tunge tak og ein hard kvardag. Dei bygde husa slik at dei passa inn i terrenget. Innafor den opne låvedører står høysleden. Ein flokk høner hadde vagla seg på sleden. Det er dyr på garden og han blir i dag driven som ein levande museumsgard. Noko av høyet var kome i hus og noko hang framleis i hesja. Her er stemmen som blei opna då det var tid for å male kornet. Kverna inne i kvernhuset. Her er ein husmannsplass som ligg litt i utkanten som dei ofte gjorde. Gjerde laga av einer, finare enn netting spør du meg, men kven ville "tutle" med noko slikt i dag? "Det var nokre fattige og så var der nokre rike..." Då som no! Ikkje alle hadde råd til slike vakre hus med kvitt stakittgjerde rundt, men idyllisk det er det. Dette minner faktisk litt om vårt hus slik det såg ut då eg var lita jente, ikkje sjølve huset men vindauga, døra og steintrappa med gelender. Rusleturen rundt om i området var som ei reise i tid frå mellomalderen og fram til idag. Det var også nokre typehus frå nær fortid. I tillegg til alle husa har museet ei stor samling innomhus vel verd eit besøk.

11 kommentarer:

Bangchik and Kakdah sa...

Lovely wooden houses. Before trees become very scarce, before concrete is perfected as today ... when jungles were nearby, people built wooden houses. I grew up in wooden house, on stilts. We could through, put bicycles and cars underneath the house. Very airy, cool and almost natural.
Good photographs,
~bangchik

Anonym sa...

Hei.Må si att du er heldig som får komme å se så mye gammelt.Elsker det gammle.Tusen takk for all informasjonen veldig interisant.Det huset siste bilde minte meg om en gammel husmansplass.Ha en riktig fim Torsdag.Bodil

Turid sa...

Flotte bilder du deler med oss- elsker gamle ting,(fullt på terassen vår).
Ønsker deg fortsatt god sommer!

Anne sa...

Nok en gang en utrolig til billedsamling du har lagt ut til beskuelse!! men det jeg henge meg opp i her var din nye hårsveis :-)))

Stilig Marie, litt uvant for oss som ikke har sett deg annet en korthåret, men utrolig stilig da gitt.
Kjempefin var du.

Klem fra Anne.

Blossom sa...

I don't have to understand the words (altho I wish I could) to appreciate the beautiful photos. What an interesting place to be.

Anne-Berit sa...

Sånne gamle vakre bygninger får jeg aldri nok av.Veldig fint dette,og så bra at det blir tatt vare på.En kan nesten se for seg arbeidet som ble lagt ned der og menneskene som bodde der.
Ha en fin kveld:o))

Amrita sa...

lovely picutres, the old farms are very charming

hvorfor ikke... sa...

Å du, å du så mye flotte bygninger:)

GundaM sa...

Ååå, nydelige bilder og ja, jeg kunne gjerne ha tutla slik med et gjærde som dette...Nydelig og med sjel spør du meg,)

Stilig, ny frisyre! God helg Marie

Living next to me sa...

Hei fikk begge innleggene . Takk det er uvirkelig alt dette det er mitt forsøk på forstå at han aldri kommer hjem mer Og like naturlig som legge ut fødsler . Dette er den andre siden bare at det pleier være foreldre en mister . Men takk det er alltid fint høre at noen forstår . Sorg er ensomt . Det er som å ha evig svine influensa . Vi har det nå og er i karantene hjemme men den går over etter 7 dager mens den andre er på ubestemt tid . Nydlige bilder , far hadde familie i Kaupanger Vestlandet og det minnet om sommer ferier derfra . F.

Leif Hagen sa...

Hei Marie! Jeg hittade din mye fint fotoblogg just idag! Vilka vakkra blommer og andra saker ogsa! Hilsen fra Hagen med EAGAN daily photo i Minnesota, USA

Min fars besteforaldrar kom fra Eidsvoll i 1890 talet.