fredag 14. august 2009

Hardangervidda

Frå aust til vest over Hardangervidda. Sjå kart HER.
Hardangervidda er den største høgfjellssletta i Nord-Europa. Landskapet på Hardangervidda er svært variert. I aust er landskapet prega av opne og flate vidder, meda det i vest og sør er høge fjellryggar som stig opp mot 1700 meter over havet. Lengst vest stuper terrenget mot Sørfjorden. Det første bildet er tatt med det same me kom opp på vidda. Her ligg eit vatn som er ganske mykje uttappa. Hundrevis av små vardar var lødde opp ved vatnet, ein siganatur frå dei mange som stoppa her. Flott synest eg, det passar iallefall her som menneske har gripe inn i naturen frå før.
Midt oppå vidda ligg Halnefjorden, eit langt vatn som strekker seg langt inn på vidda. Midt på bilde her skimtar du Halne fjellstove. Vegen snor seg over vidda. Vidde så langt auga ser! Eg hugsar første gongen eg køyrde over her. Då kom eg vestfrå og etter bratte fjell og hårnålsvegar var det fantastisk å kome opp på vidda! Bildet over og desse to neste er tatt på Dyranut. Her er oppslag som viser ferdselsvegane som folk gjekk før vegen blei lagt over vidda. Landet vårt har mykje variasjon å by på, etter vidda ventar nedstiginga mot Sørfjorden på oss. Halvegs nede ligg øvre Eidfjord med Hardangervidda natursenter. Bilder derifrå i morgon :)

10 kommentarer:

Bangchik and Kakdah sa...

Your country really have so much to offer. But I love the fjord....
~bangchik

M.E.V. foto sa...

Flott natur nok en gang:) God helg!

Rune Eide sa...

Hardangervidden er virkelig noe for seg selv. Fin dokumentasjon og god Norgesreklame!

Refleksjon på livsvegen sa...

Kjekke glimt..
Likar veldig godt dei sitata som du har på sida di..
Kanskje eg må låne dei som oppmuntring og inspirasjon til personalet mitt..
Ha ei gilde helg!

Anonym sa...

Hei.Nydelig vidde.Riktig fine bilder.Der har jeg vært en gang.Skal bli kjekt å se vidre på din ferd.Hilsen Bodil

M.E.V. foto sa...

Jeg har akkurat plantet rosa, men den er ikke så kraftig som Nostalgie. Den ser likevel ut til å være ganske robust, og den tåler i alle fall godt regn:)

Så meldinga di, og det hadde vært moro. Sender deg en mail om litt:)

Dagrun sa...

Flotte bilder. Hardangervidda er fantastisk. Skikkelig månelandskap og i stor kontrast til fjordene rundt (Hardangerfjorden).

elle-melle sa...

Hardangervidda er et nydelig stykke Norge. Jeg får alltid så lyst til å vandre innover de enorme viddene, når jeg kjører der med bil. Men det får bli en annen gang, håper jeg.
Lufta er så god der oppe, det er noe eget med fjellluft, så frisk og fin. Kanskje det henger sammen med at jeg er vant til å puste i havluft, (veldig god den og men annerledes)
Ha en god helg!

Turid sa...

Da har også æ fått en bit av Hardangervidda-takk.

Anne-Berit sa...

Det er så flott på Hardangervidda,og altfor lenge siden jeg besøkte den delen av landet.Du har tatt nydelige bilder derfra,enig med Rune,flott Norgesreklame.
Ha ei riktig god helg:o)