I ein heller hektisk og travel kvardag er det lett å nedprioritere tid saman med gode venner. I går hadde eg fødselsdag og om kvelden var me samla ein liten gjeng her hos meg. Menyen var enkel; suppe til forrett, ein tallerk til til hovedrett, (hehe) og kaffi og kake til dessert :) Og at vennenne mine kjenner meg godt viser igjen på gåvene dei hadde med :)
Nydeleg kort frå ei barndoms-bestevenninne.
Blå blomar og blenkande cellofan, kan det bli betre?
Kvitt og rosa er også nydeleg saman og alt treng jo ikkje vere blått, hehe.
Telysestakar (med blå kant, overraska?), er dei ikkje fine?
Litt smårøft sjal/skjerf , blått sjølvsagt! Midt i blinken :)
At eg likar smykke og "dilldall" er også kjent for dei fleste.
Nokre rynkeroser frå hagen pynta opp på bordet, men den verkelege pynten i stova var flotte jenter i sin beste alder! Takk for at de ville kome og dele kvelden saman med meg :)

~Eit vennskap kan tåle det meste og trivast i skrinn jord,
men treng litt gjødning frå brev og telefonsamtalar,
og små, tåpelege presangar innimellom -
berre for å forhindre det frå å døy heilt ut.~
Pam Brown






































