torsdag 24. april 2014

Skal me leike?

Svigers hadde stor dag skjærtorsdag. Då kosa dei seg saman med familie og venner.


Her er to av barnebarnsbarna, Vilde og Ask Leonard (tremenningar),
 som fann ein ekstra god tone.










Og når dei små har det kjekt har dei vaksne det kjekt :)

fredag 4. april 2014

Når vårsol i bakkane blenkjer....er det tid for våronn i hagen :)

Me har hatt strålande vårver her i sørvest dei siste dagane. 
I helga som var hadde me ein liten helgegjest på besøk
som storkosa seg saman med farmor i hagen.


Ask Leonard likar å gjere det som farmor gjer og han er ein flink liten dreng :)




Ein annan som likar seg saman med oss er Pusur.


Gjensidig kjærleik og stor glede over å få vere i lag :)



"Pusur e så mjuke og god."



Ask Leonard blir nok "aldri så lite" prega av farmor si hageinteresse :)
"Ka hette dette farmor?"


"Ka hette dette da?"


"Me jobbe masse farmor!"


"Eg vil klyppa litt gras eg."


Etter ei god arbeidsøkt var det tid for pause for både liten og stor.
"Me kosa oss farmor :)"


Me kan ikkje berre jobbe, litt leik høyrer med.


På dagar som dette må me ikkje gløyme å løfte blikket og NYTE!
I morgon skal godveret vere over for denne gongen.
Kjekt at eg har fått luka og rydda dei fleste staudebeda,
raka plenen og klipt roser og klematis.

God helg :)

søndag 16. mars 2014

Bittelitt vår!

Nå lyser våririsen opp i ei krukke utanfor døra.
Ein av dei vakraste blomane eg har i hagen min.






Krokus står som små fargeklattar spredt omkring både i bed og plen.



Små påskeliljer har også opna dei aller første kronblada sine.


Vivendel er tidleg med å opne bladknoppane sine.

Ha ei fin vårveke :)
Er det surt og friskt ute kan ein kose seg inne :)

søndag 23. februar 2014

After glow.

Var ikkje klar over at vasen var gått tom for vatn før det var for seint,
rosene var tørka og hang med hovudet alle som ei.

Men eg klipte dei av og la dei tett i tett i ei gammal vakker stetteskål
slik at dei kan glede meg ei stund til :)






fredag 21. februar 2014

Eg deler ei rose med deg :)

Har leika meg litt i Picasa :)





Dagar som sand ut av hendene renn.
Om du tvilar, ja, så kjenn.
Den eine som den andre ut i vinden fer,
og tida som me har den reiser der. 

Frå Dagane av Odd Nordstoga

torsdag 6. februar 2014

Daggry.

Dagane blir litt lengre for kvar dag og ekstra fargerike er dei når det dagast og avdagast.
Sist innlegg viste eg bilde av solnedgang og blåtime.
I dag byd eg på tre bilde frå eit daggry for nokre dagar sidan :)




Kjekt å få det på minnebrikka før fyrverkeriet er over :)

søndag 2. februar 2014

Det kveldar i januar.

Sjå for deg at du står utanfor huset mitt og ser mot vest 
klokka kvart over fire ein ettermiddag midt i januar.



Så snur du deg mot sørvest.


Snu deg litt til og du ser rett mot sør.


Deretter vender du blikket mot aust og ser månen stige over Vardafjellet.


Stå der ei stund medan naturen går inn i blåtimen.


Stå på nordsida av huset i ly for vinden ein halvtimes tid.


Sjå månelyset spegle seg i Boknasundet.



Snu deg mot sør og sørvest før du skundar deg inn
til godstolen framfor omnen og får varmen i kroppen igjen :)


Dette er ein av få dagar med snø hos oss i vinter.
Bart, tørt og stormfullt er stikkord for vinteren så langt.

Litt lysare for kvar dag nå! Herleg!