mandag 12. juli 2010

Fredholm besøkshage.

Ferieturen i år blei berre ei helg, men du for ei flott helg! Me køyrde over Hardangervidda austover med Totenvika ved Mjøsa som mål. Der blei me møtt av "Gamleheksa"(som verken ser ut eller oppfører seg som ei heks, hehe), saman med henne besøkte me Fredholm besøkshage. Maken til romantisk og sjarmerande hage skal du leite lenge etter! Bli med på hagevandring da vel :) Håpar du har god tid for her det mykje vakkert å sjå. (klikk på bilda)Første møte med hagen var denne vakre opne porten som byd velkommen inn.Langs singelgangen stod det tett i tett med skjønne stauder. Roser var det også, men mange av klatrerosene hadde frose ned i vinter så dei var ikkje så frodige som dei pleier å vere. Eit sykke opp i hagen blei me møtte av hageeigaren og vertinne Helen. Helen var kledd i romantisk kjole og ditto sko og såg ikkje ut som om ho har hatt mold under neglene nokon gong! Helen tok seg god tid og guida oss gjennom heile hagen. Eg ergrar meg over at eg ikkje hadde ei lita notisbok med meg sog noterte namna på nokre av staudene eg ikkje kjende frå før for her var det masse inspirasjon å hente! Oppe til venstre på bildet over skimtar me huset til mor til Helen og når me kjem nærare ser me kor Helen har arva dei "grøne fingrane" frå. Hengepetuniane under her på terassegjerdet til Helen si mor er berre to planter! Helen har mange tre i hagen, dei er med og liver mot vind samstundes som dei er med på romdelinga i hagen. I fjor var rosebogen under dekka av blømande klatreroser på denne tida, men i ein levande hage blir ikkje alt alltid som ein har planar om. Ver og vind og kalde vintrar styrer ein ikkje. Vakkert er det likevel når staudene er så frodige som her. Sitteplasser er det overalt i hagen, benker og stolar som understrekar den romantiske stilen. Benken over og sittegruppa under er kjempelekre, eg skulle meir enn gjerne hatt like desse heime i min eigen hage. Uthus med drivhus i enden, legg merke til krukkene langs drivhusveggen med småtre. Er det ikkje vakkert? Huset Helen og familien bur i er ein gammal husmannsplass. Det er planta rundt heile huset. Til og med på nordsida er det frodig. På kvar side av døra står to store imponerande fuksia i potter.
På denne fine paviljongen står potter med flotte store pelargonium. Ei vakker hengekøye som Helen har laga. Tru om ho får tid til å slappe av her nokon gong... I hengekøya ligg denne vakre puta som er designa, strikka og sydd av Helen sjølv. I det eine hjørnet av hagen ligg denne perla av eit lysthus. På bordet ligg gjesteboka( nå også med mitt namnetrekk). Vertinna har all grunn til å vere stolt over alt ho har fåt til :) I ei gammal tømmerstove har Helen ein liten butikk der ho mellom anna sel ei praktbok med bilde frå hagen og hagehistorie. Helen er sjølv både forfattar og fotograf. Etter ein- og einhalv time var det tid for å rusle ut hageporten igjen, mange inntrykk og stor inspirasjon rikare :) Eg anbefalar hagevandring her på det varmaste!
På bloggen Helens dagbok og på Fredholm besøkshage finn du informasjon om hagen.

torsdag 8. juli 2010

Staudebed.

Eg må vel kunne seie at i staudebeda mine er det ein salig blanding, mange av dei kjøpte etter innfallsmetoden :) Men når det står i full flor er det nå fint likevel :)
Scabiosa er ein av favorittane mine, dei er grasiøse og elegante med blomane på lange tynne stilker. Bladverket er berre ei lita tue. Eg har fleire fargar, kvite, ulike blåtonar, lilla og både høge og låge. Her saman med steppesalvie og alunrot. På bildet under står ein oktoberbergknapp i bakgrunnen. Alunrot med burgunder bladverk og rosa yndige blomar er ein gor markdekkar. Iris støar seg på bladverket til montbretia, framme til venstre står mjødurt og til høgre lammeøre. Ulik form og farge på bladverket er kjekt sidan staudene skal pynte også når dei ikkje blømer. Fin liten storkenebb. Fagerklokker i kvitt og blått må søast opp her hos meg kor det altfor ofte blæs friskt. Den gule til høgre er nattlys. Gult øydelegg vel det sarte, harmoniske og "augekvilande" som kvitt, rosa, blått og lilla gjev, men eg har ikkje hjarte til å fjerne denne smalballblomen som var ein av dei første eg kjøpte :) Frisk og freidig gladfarge. Kaukasus storkenebb er nesten avblømd, det same er akeleiene. Johnson blue storkenebb er også på retur nå. Marikåpe med sine limegrønne blomar passar til det aller meste, her i framgrunnen. Kanskje tar eg "ein vakker dag" og utvidar staudebedet og plantar sånn som det skal vere med høgare stauder bak og låge fremst, eg får sjå. Nå blømer rosene også, dei kjem nok på bloggen dei også om ikkje så lenge :)

tirsdag 6. juli 2010

Rosanyansar.

Mange av staudene eg har i hagen er rosa. Her er nokre av dei. Revebjøller er toårige, men frør seg villig. Dei er lette å luke der eg ikkje vil ha dei.
Judaspenge er allereie avblømd for i år. Judaspengefrø er vakre i motlys. Storkenebb har eg i mange fargar, her ein rosa. Nellik likar det litt tørt. Løytnanshjarte klipte eg tilbake for eit par dagar sidan, kanskje kjem dei med eit og anna hjarte seinare. Mange takløk står nå i knopp og nokre har også sprunge ut. Eg har brukt dei første dagane av ferien til å ta igjen noko av hagearbeidet eg har skudd føre meg dei siste vekene. Så nå er alle bed luka, plenkantane er skorne, nokre nye stauder er planta, seks nye roser er komne i jorda i dag og plenen er nyslått. Eg er ikkje heilt i mål, men det hjelper på :) Det kan kanskje sjå ut som hardt arbeid og det er det jo også, men det er noko av det kjekkaste eg veit å holde på med så då går det som ein leik :)

søndag 4. juli 2010

Sommarkveld.

Her kjem nokre bilde tatt i går kveld, dei tre første klokka 21, dei tre siste ca 22.30
Ha ein fin søndag :)