mandag 17. oktober 2016

Sommar i hagen.

Dei fleste som har hatt meg på liste over bloggar dei kikkar innom
har vel kanskje sletta meg frå lista sidan det er heller laber aktivitet frå denne kanten.
Her på bloggen ligg mykje av den "offentlege" kvardagen min,
så sjølv om eg er meir aktiv på instagram og facebook for tida, 
så vil eg likevel halde liv i bloggen. Den er litt som ei minne/dagbok for meg.

Her kjem ein liten sommarkavalkade med hagebilde :)


Juni. Eg og naturen jobbar i lag.



Det skal plantast i krukker og kar.
Den største av desse sinkstampane brukte mor til å skylje klesvasken i.
Benken laga mannen min på sløyden då han gjekk på skulen.
Eg likar å ta vare på det gamle ved å bruke det.


Gamle krukker med nellik og takløk.
Krakken blei brukt på kjøkkenet då eg var lita jente.


Akeleier i motsol.




Campanula på sykkelen var ekstra frodig i år
sidan dei fekk rikeleg med vatn i juli.


Frodig på skuggesida.


I den gamle gryta som mor kokte klede i for mange år sidan 
flyt nå nokre av svigerfar sine garkuler rundt.


Slipesteinen står der den alltid har stått.


På hellegangen her har folk gått til og frå gardsarbeid
 og fjøsstell, frå 1855 og fram til i dag.


Sola var ikkje tittgjengd i hagen i juli, 
men dei fleste blomane treivst likevel.


Så kom hausten, eller rettare sagt sommaren, i september.


Både roser, folk, og kyr kosa seg i varme og solskin.




Då hausten kom godt ut i oktober, og det var rimkvitt om morgonen,
 var det på tide at dei blomane som vil ha det frostfritt fekk flytte inn i kjellaren.




Nå har lyngen tatt over krukkene på trappa.

Å, flytt deg nærmere inn til meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svimlende kort den stund
vi mennesker er sammen.

Frå Junikveld av Hans Børli

8 kommentarer:

Christine sa...

Masse flotte bilder som alltid Marie.

Har vært fraværende jeg også, flyttet bloggen, men med ingen respons, gikk jeg tilbake til der jeg er nå.

Er mer på instagram og facebook jeg også.

Vform sa...

Härligt, underbart och vackert är ditt hem Marie!
Har följt dig många, många år på din blogg, det vet du
och har alltid beundrat din trädgård!
Håller med att tiden på bloggen blir lidande när det finns andra medier som är snabbare att "gilla" ... bara ett tryck :)
Undrar vad kulorna i gamla grytan är gjorda av ... är det glas?
Fantastiska ideér för alla planteringar ... omgivningen är också perfekt!
För att inte tala om källarfönstret!! Är det insidan från målningen?
Nästan så det kliar i fingrarna igen ... ;)
Önskar dig en fortsatt fin höst, här har den varit riktigt varm och skön!
Kramar Vivan

Marie sa...

Tusen takk :)
Kulene er av glass ja.
Nei, det er ikkje same vindauga. Du må gjerne måla om du vil :)

Martin sa...

Dette er trivelige bilder med mye romantikk i seg. Flott bruk av sykkelen.
Jeg tar meg ikke tid til fb, twitter eller instagram og får flere timer ekstra pr dag:-)

naturglede/Randi Lind sa...

Ja, jeg følger jo med deg med stor glede andre steder også, men så fint med et blogginnlegg fra deg. Her blir det litt mer samlet og med teksten din i mellom bildene koser jeg meg. Ha en vakker dag i høsten i din fine hage! :)

amo sin blogg sa...

Nydelege bilder frå sommarhagen din, og inn i hausten.
Den flotte hausten vil ingen ende ta, her er temperatur på mellom 12 og 15 grader om dagane,
sommarblomsteane i krukker er fine enno, men eg har planta litt lyng som passa betre til årstida.

Ynskjer deg fine haustdagar.

Algodão Tão Doce sa...

Que lindas imagens!!!!estou impressionada com todos os detalhes inspiradores!!!
Doce abraço, Marie

Augusta sa...

Fint å lese denne bloggen.