onsdag 30. april 2014

Eit blaff av sommar i april :)

Strålande solskin og temperatur heilt opp mot 15-20 grader i påsken 
og fram til og med helga som var har gjort at naturen 
 nærast har eksplodert i det siste. 
Slik også i hagen hos meg!


Frå dette,


til dette på få dagar.
Lyng og rhododendron i friskt samspel.



Heile vinteren har vore mild så det er ingen frostkader på plantene i vår heldigvis.


Også i staudebedet er det god vekst. Mest påskeliljer og perleblomster som blømer til nå. 




Løytnantshjarte har eg i både kvitt og raudt. 
Desse var nye i fjor for dei eg hadde var forsvunne av ukjent grunn.
Denne raude fann eg avbrekt ved rota i dag. 
Kanskje katten eller eit anna dyr som har vore der, ikkje veit eg.
Er spent på om den vil spire på ny.


Gravmyrt breier seg utover og tar seg tilrette så den må haldast i sjakk,
men den er vintergrøn og fin synest eg.



Vårkjærminne.


Forglemmegeisøster.


Forglemmegeisøster.


Eg har masse vårkål rundtomkring, mellom anna i plenen.
Dei får stort sett stå og lyse opp om våren for dei visnar tilbake etter bløminga.


Til å bli glad av :)

Nå er temperaturen tilbake til vanleg  vårtemperatur,
 rundt 7 grader i dag, og kuling frå nord så nå er bremsen sett på igjen :)

5 kommentarer:

amo sin blogg sa...

Ååå, så mykje fint som blomstrar hos deg.
Det har vore fint her også og mange vekstar er tre veker tidlegare i blomstring enn i fjor,.
Men no er det kaldt, litt snø i dag, men den ligg ikkje.
Takk for tips om å bruke frå teksta eg skreiv, på bryllaupskort :)

Fin mai frå Anne-Mari

Mariann sa...

Lett å glemme at vi bare var i april med det fine været som har vært. Nå er det mer tilbake til normalen med kald nordavind.
Flott blomstring hos deg! De tidligste rhododendronene har begynt å blomstre her også.
Ha en fin 1. mai!

naturglede/Randi Lind sa...

Finnes ikke bedre enn våren vel. Herlighet som det blomstrer hos deg. Her har det også kommet et skikkelig kaldgufs i lufta, men det er helt greit. Jeg har da varme klær framme enda! Løytnantshjerter er en av mine favoritter. Din kommer nok fra rota bare den får litt ro. Jeg har to store bak huset, men den som sto foran huset har fart ille i vinter. Den spirer så vidt, så jeg får bare vente å se.Ønsker deg en fortsatt finfin kveld.

Refleksjon på livsvegen sa...

Berre nydeleg Marie!!

Snøa i natt og litt i dag tidleg..
Akk ja! Men ellers blømer det masse.
Dekka til jordbæra eg hadde nyplanta. Veit ikkje kva som er verst.. At dei må vere litt imørke, enn å fryse?

Fin vår vidare kjære Marie @-}--

Englepappa sa...

Så mange flotte bilder frå hagen din! Ja, våren (og sommarvarmen) kom plutseleg her inne i Ryfylke også. Det er herleg!