lørdag 27. april 2013

La humla suse :)

Moseplassen har ei utfordring gåande om å sette fokus på humla.
Humla er i nedgang og det er derfor viktig å ta vare dei me har.

Humla har for meg vore det viktigaste vårteiknet. 
Det skal ikkje vere så mange plussgrader før humla er på leit etter den første blomen.
Rund og godmodig er ho der ho surrar rundt på leit etter nektar.
Litt seinare på våren veit eg knapt om noko koselegare ennå å sitte under
kastanjetrea her på Heimdal og berre slappe av og "la humla suse"
- frå kastanjeblom til kastanjeblom.


Humla er eigentleg for tung til å flyge med dei vengene ho har blir det sagt.
 Ei lukke er det at ho ikkje veit det sjølv ;)
(humla på bildet under har midd som blinpassasjer på ryggen, 
heldigvis ser det ikkje ut til at det skadar henne på nokon måte)


Sidan følgjer dei mange ulike humlene i heimdalhagen meg til frosten kjem, 
ein av grunnane til det er vel at her blømer det frå tidleg vår til sein haust.

Kikk inn til Moseplassen og sjå andre sine humlehistoriar :)

6 kommentarer:

Ruth Bernssen Bø sa...

det er morro å sjå på humlene, når dei fyk frå blom til blom.
Fine humlebilete

Anne Kari sa...

Så flotte humlebilder du hadde, og supert du er med på humleutfordring! Koselig blogg har du også. God søndag. Anne Kari

bentetove sa...

Å, så flotte humlebilder! Ja, jeg er enig, når jeg ser humlene fyke så travelt avsted er det vår!
Ha en flott søndag:)

Anne (Moseplassen) sa...

Supert at du er med og sprer humleglede Marie :)

Herlige bilder, koselig innlegg.

fortsatt god helg!

Unknown sa...

Så flotte humlebilder, den er så fin.

GRØNN FRYD HOS MONIQUE - sa...

Veldig fine humlebilder!