Ruth Bernssen Bø med bloggen Solsikken har laga mange flotte innlegg over temaet
Ho har også vore her på Bokn på fototur. Eg fekk vere med som kjentmann. Kjekt å gå tur saman med ei som er like hekta på fotografering og natur som meg :) Det er nokre veker sidan, men av ulike grunnar har eg ikkje lagt ut bilda før nå. Bilda til Ruth finn du her og her. Kikk innom henne og sjå hennar bilde også :)
Vakre blomar må eg alltid ha med :)
Første stopp var ved Vatnalandsvatnet. Det blæs ganske friskt, men sola skein så det var fint likevel.
Idyllisk plass å bu.
Ein flokk skotsk- høglandsfe gjekk fredeleg og beitte.
Skjønn lita "bamsejente" :)
Dei neste fire bilda er frå Straumen, idyllisk plass dette også.
Her er det mange som har sommarparadisa sine.
I eit lite vatn i Jøsen hadde eit svanepar funne sitt sommarparadis (under).
Ein gråstein treng slett ikkje å vere berre grå.
Her fann me også denne vakre villrosebusken.
Ved Gunnarstad står det ein allé av høge flotte tre, mange av dei eik som må vere veldig gamle.
Her er det fint å gå same kva årstid me har.
Gunnarstadlia ligg ved Gunnarstadvatnet. Dette er ein av dei finaste plassane på Bokn synest eg.
Takk for besøket og turen Ruth :)
Velkommen tilbake :)
Eg håpar å ta turen til deg også snart :)
5 kommentarer:
Så fina bilder från Rogaland. Jag följer Ruths blogg sedan länge.
Vi har varit på en kort tur till Norge och det blev inte Rogaland i år heller. Får se om det blir nästa sommar. Jag älskar verkligen Norges fjordar och kust samt alla mäktiga fjäll.
Ha det så gott.
Kram Birgitta
Flott tur dere har vært på. Nydelige bilder som alltid.
Vi får få til noe av det samme når vi får besøk østanfra. Da bestiller vi deg som kjentmann,på en ny runde :o)
Hei Marie og tusen takk for turen og ein fin dag saman med deg.
No gler eg meg til du kjem til Jæren om ikkje så altfor lenge...
Flotte bilete du viser frå rundturen vår.
Så utrolig fine bilder fra turen din sammen med Ruth Marie.
Jeg koser meg med å betrakte landskapet på dine trakter, for så forskjellig fra de trønderske skoger og fjell.
Øynene mine ble nå hengende ved den skotske storfe greia, for jøsses min, sånn!! :-( er jeg på håret tenkte jeg... nitrist med andre ord. Kanskje en skulle heller vært ei ku du.
Varm klem til deg vennen, vi bør og må klemme disse dager, ta vare på hverandre og holde sammen.
Skjønne bilder. Mye fint å se når man bare tar seg tid :)
Legg inn en kommentar