lørdag 28. mai 2011

Etter at regnet letta.

Det har regna i dagevis, derfor har det blitt lite hagearbeid på meg i det siste. Å luke i sorpe er ikkje noko å trakte etter. Dette ber staudebeda mine preg av. Men, det er alltid noko som klarer seg uansett. Klokkeblåstjerne er ein av dei. Desse er nydelege i villflor, men spreier seg uhemma. Løkane ligg veldig djupt og er derfor vanskelege å fjerne. Klokkeblåstjerna spreier seg også med frø og dei finn lettast grobotn der jorda er bar. Dei fleste blomane er blå, men det dukkar stadig opp ulkie rosa nyansar i tillegg til kvitt. Vakker og villig er eit uttrykk som passar perfekt her.


Løytnatshjarte har stått på same staden i årevis. Dette er ei staude som passar godt i ein uformell hage på landet og ho er ei av favorittstaudene mine.
Eg har også kvit løytnantshjarte, men denne er liten, "bleik" og unseeleg.
Eg spadde opp fleire av storkenebbplantene mine i haust fordi det vaks så mykje gras innimellom. Dei kjem heldigvis fint i år, men treng nok eitpar år for å bli like fine som dei var. Det største ugrasproblemet eg har er vanleg gras som kjem inn i bedet med utløperar eller frø som dryss ned frå bakken over muren.


Akeleier er også vakre synest eg, men dei nikkar så blygt med hovudet at ein må snu dei for å sjå kor vakre dei eigentleg er.

Det siste bildet er snøsløyfe. Først er denne skinande kvit, men ho blir vakkert rosa når ho er på retur.
Eg har nettopp starta på ein to-vekers ferie og ønskjer meg SOL OG SOMMAR!!!

7 kommentarer:

Berit sa...

Ååååå så mane fine bilder av disse blomstene dine med dråper på-nyvasket.
Håper på bedre vær nå, at det blir mer enn disse dryppa innimellom som bare lurer oss å tru at nå kommer finværet.
Ha en fin helg da.
Klem

Christine sa...

Kjempenydelige bilder Marie.
Åh så det blomstra inne i Bokn.

Bildene dine e ein fryd og se.

Orlaug sa...

So flotte bilder........
Og ja, me er dugeleg lei dette vèret no....kaldt og surt.
Me har måtte ta inn att lam som har vore nedkjølte, ikkje noko kjekt.
God sundag!

MissMette sa...

Nydelige bilder av vakre
blomster ღ tusen takk for
at du deler :) Ønsker deg
en riktig god helg, klem
fra Mette

Anonym sa...

Kjekt å titte - kan se det mye bedre for meg etter å ha sett hagen i virkeligheten. Hvordan går restaureringen av huset? Vennlig hilsen Toril A.

Marie sa...

Hei Toril A.
Det går stadig på fram med restaureringen, men det er omfattande så det er framleis ein del igjen. Eg legg ut bilde etter kvart :)

Jorunns hage og hobby sa...

Nydelig!
Jeg har beundret dine vakre blomster !

Ha en fin kveld!
klem