Så har me snudd kalenderbladet over på september. Sjølv om me har vore så heldige at me har hatt sommarvarme dei siste dagane kjenner me at lufta er skarpare og ser at fargane er klarare. Om morgonane ligg doggen som eit sølvteppe over landskapet og om kveldane blir skuggane lengre enn tidlegare. Sjøen speglar knallblå himmel.

Søndag ettermiddag varma sola godt. Hauststaudene står frodige og fine etter at godveret har fått varma dei etter alt regnet me hadde for ei stund sidan.

Motlyset fasinerer meg.

Eg sette meg i kosekroken med augene igjen og kjende korleis sola varma.

Humlene surra, dei var travelt opptatt med å leita etter nektar i blomane rundt meg.

Blomane i amplane eg hengde opp i slutten av mai har vakse seg store og kraftige.

Også på plattingen over den gamle kjellartrappa er det frodig og fargerikt.

Eg høyrer ein stille sus i tretoppane frå ein lett bris. Eg sit i livd og berre av og til kjenner eg eit lite vindpust stryke meg over kinnet.

Eg høyrer rop og latter frå barn som leikar legre oppe i bygda.

Nokre småfuglar kvitar. Eg opnar augene og legg merke til at telefonstrengen der det for eitpar dagar sidan sat svaler som perler på ei snor nå er aude og tom. Dei trillande strofene har tagna. Svalene er nå på vengene mot sørlegare breiddegrader. Eit streif av vemod når meg...

Kvar vart det taa alle dei
Fuglar,
som song
i Sumar so vænt millom
Greino?
Sidan eg høyrde deim
ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot
Hausten.
Per Sivle
~~~~~~~~~~~~
Ein sommar er over, eg opnar armar og sinn mot hausten, ønskjer han velkommen og pustar han inn i fulle drag :)