onsdag 14. juli 2010

Fleire bilde frå turen til Toten.

Blåne bak blåne.
Utsyn frå Storefjell Resort hotell.
Ein liten stopp i vegkanten. Vegkantane var som ein samanhengande staudehage. Det finaste fekk eg ikkje fotografert, det er ikkje alle plasser det går an å køyre til sides. Med bilar bak kan ein ikkje stoppe midt i vegen heller. Etter at me var på hagevandring på Fredholm åt me middag "ombord" på Viken11 saman med Gamleheksa og gemalen. Viken11 ser ut som ein båt på avstand, men er ein kafé bygd på land. Så me seilte ikkje på Mjøsa, berre nesten :) Etter middagen blei me invitert heim til Gamleheksa. Dei dyrkar poteter, korn og lauk og er storbønder sett med våre småbrukarauge. Dei budde på ein vakker plass med utsikt over Mjøsa. Me kosa oss med kaffi på terassen i nydeleg ver. Storbonden og småbrukaren fann fort tonen. Me damene kjende kvarandre litt frå før så me var som gamle kjente :) Natt til søndag overnatta me på Toten hotell. Utsikta er upåklageleg her også :) Søndag bar det på heimveg. Det varte ikkje lenge før me køyrde inn i regnet som følgde oss langt opp i fjellet. Skyene hang lågt over Åkrafjorden, men det var lysare i sør.

8 kommentarer:

Kimberly sa...

Hey, Marie! Beautiful countryside! Looks like you enjoyed yourself!!

Amrita sa...

Lovely holiday pictures. You look very nice Marie

Ruth Bernssen Bø sa...

Ein fin tur i eit vakkert landskap.

Takk for helsing hos meg.
Eg dreg forbi allerede lørdag, men med 4 tyske på slep, trur eg stoppen får venta til ei anna gong - men eg kjem innom når det passer seg slik.

Ha ein fin dag.

anne -moseplassen sa...

Grøftekanter ja, de er jo det beste med å kjøre i juni/juli. alltid noe spennende rundt neste sving :D
Det ser ut som om dere kosa dere på tur!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Så koselig å lese her. Det var jo en del kjent å se. Synd at timene går så fort når man treffes slik og har det hyggelig. Håper dere tar en ny tur, om ikke før, så iallefall når Helen sine roser har vokst seg store igjen.

Hage foto og natur sa...

Så fine sommerbilder fra turen til Toten!
Det må ha vært en lang reise rik på opplevelser, i det deilige landskap.
Jeg har mange gode minner fra det gjestfrie folket på Toten!
klem

Sylke Feldhusen sa...

Så fint at dere hadde det så koselig sammen! Det høres ut som en flott tur. Du har som vanlig tatt mange fine bilder :)

Ha en god helg, klem fra Sylke

Tone sa...

Åååå så koselig tur dette må ha vært! Levde meg helt inn i turen ved å se på de vakre bildene dine:)