Etter at me hadde nokre få solrike dagar tidleg i veka er det nå hustrig, kaldt og vått ute. Hadde det ikkje vore for at møkkalukta riv i nasen når eg opnar ytterdøra kunne det like gjerne vore haust. Men berre nesten. Tar eg på meg tjukk jakke og går ut i den grå vårdagen er det ganske mange vårteikn å sjå om eg berre ser etter dei.

Dei små tulipanane kjem fint.

Vivendelblada blir større for kvar dag.

Ulike påskeliljer, nokre i knopp,

medan andre er fullt utsprungne.

Gravmyrten har blømd sidan snøen smelta.

Perleblomane står med knallblå knoppar.

Det same gjer vårkjærminne som eg fekk som avleggar i posten frå
Ida ifjor.

Vårkjærminne står under eit rosetre, men eg lurer på om det er så lurt å ha dei der sidan rosene helst vil stå utan for mykje rundt røtene. Er det nokon som har tips om dette?
I fjor stod Euphorbia 'Red Wings' stor og frodig, i år er det berre denne vesle einslege kvisten som blømer etter denne harde vinteren.

Løytnanshjarte i kvitt

og rosa er vakre også før dei er utvokst og utsprungne.

Nå håpar eg på sol og litt mildare ver igjen slik at eg kan kome skikkeleg igong med hagearbeidet. Eg grueglede meg til veldig mykje, men kjekt arbeid. Det er alltid litt stress til eg har fått unna våroppryddinga.
GOD HELG :)