Eit nytt snødryss i natt og eit vidunderleg morgonlys i dag tidleg gjorde sitt til at eg tok kamera med på veg til jobb i dag. Dei to første bilda er tatt frå trappa heime.

Idet eg rundar hushjørnet har eg utsikt mot sundet og Boknasund bru som er ei av tre bruer som knyter Bokn til fastlandet.

Eg snur meg mot soloppgangen idet eg kjem litt lengre opp i vegen.

Alle vegar fører til Rom, heiter det, også denne om me køyrer langt nok :)

Her står eg på hovudvegen og ser mot sør.

Skal eg kome tidsnok på jobb må eg snu nasen nordover og sette opp farten.

Må snu meg ein gong til og få med meg eit stadig sterkare sollys gjennom skydekket.

Siste bildet er tatt på skuleplassen rett ved barnehagen. Dette var det eg såg av sola i dag.

Kvikksølvet i gradestokken kraup oppover til tre pluss og snøen blei kram og fin til å lage snømann og snøhytte av. Fin avslutning på arbeidsveka :)