Skikkeleg skybrot har me hatt her i dag. Eg hadde tenkt å jobbe i hagen, men i staden blei det klesvask, klesbretting og rydding i klesskap. Keisamt, men akk så nødvendig. Trass i regnet hadde eg meg ein tur rundt i hagen med kamera.

Med ein stor paraply over hovudet knipsa eg etter beste evne.

Vatnet fossa frå takrenna.

Lysglasa på bordet var heilt fulle av vatn.

Det same var fatet med dekorstein, det er forresten dekorativt med våte steinar.

Ved granrota og andre stadar er det dammar av vatn.

For nokre veker sidan tørsta plantene, no held dei på å drukne.

Blomane i krukkene sør for huset er no frodige og fine.

Skaugumbegonia og ringblomar står også i full flor.

Varmraudt, oransj og gult lyser opp ein gråversdag.

Revebjøllene syng på siste verset, det er berre nokre få blomar igjen i toppane.

Breiskolmen skal eigentleg vekse oppetter eit espalie, men tyngde av vatn heng dei framover. Eg må nok binde dei opp.

Strandkattehale tåler både regn og vind, men dei nikka med hovudet i striregnet i dag.

Hosta.

Hortensiabusken har hatt godt av vatn og har begynt å springe ut dei siste dagane.

Franske margeritter står i krukker ved inngangsdøra.

Roser tyngde av vatn.

Svært mange roser var stygge, så eg må nok ut med saksa når regnet lettar.
Eg ønskjer alle som har vore med meg på ei regnfull hagevandring ei god veke uansett ver :)