"Det strøymer på så eg knapt kan anda!" No nærmar me oss slutten på lamminga for i år, det er fire sauer igjen. Me har berre 21 sauer som skal lamme, men det blir likevel ganske travelt medan det står på. Til no har 17 av dei lemt 46 lam tilsaman! 43 lever, to var daudfødde og eit la mora seg på så det blei kvalt. Bileta som følgjer er frå torsdag då me fekk tretten lam på eit par timar.

To av sauene fekk fire lam kvar.

Ei fekk tre.

Om du klikkar biletet under stort ser du alle tre mødrene med avkom.

Plutseleg dukka ei fjerde opp og ville stjele av firlinglamma. Grunnen til dette er at ho var igong med fødsel sjølv og trudde lamma var sine. Sauene jagar vanligvis andre sine lam, men under fødselen godtar dei andre nylemde lam.

På tide å få "småane" i hus. Har sauen fått to lam tar me eit under kvar arm, men er det så mange som fire er det greit med ei lita trillebår.

Sauen sjekkar at dei små har det bra.

Her har sauen som ville ha ei anna sine lam fått sine eigne.

I går fekk me trillingar, tvillingar og eit enkelt. Sidan trillingane og det enkle blei lemde på ein gong klarte me å lure eit av trillingane over til ho med eit. Dette gjekk fint, ho godtok det som sitt, det vil seie ho trudde det var sitt. Til no har eg elleve små som eg skal vere mor for! Eg kjem til å "presentere" dei på bloggen etter kvart.
As you can see there is a lot of beautiful small lambs on our farm right now. Four sheep gave birth to thirteen lambs in a couple of hours.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
No har eg nettopp vore jordmor og tatt imot ein trilling til, så no har me 46 lam på atten sauer. Berre tre igjen, skal bli godt å bli ferdig.