I dag regnar det lett, disen og skodda ligg som ein grå blyhatt over Bokn.I går derimot var det strålande ver. Glassklar himmel og sjøen var blå. Det bles friskt frå nord. Hagen min ligg i le for nordavinden så det var herleg å vere ute. Eg brukte eit par timar på å klippe plenen, deretter tok eg ein runde med kamera. Klikk på bileta for å sjå nærare.Intense og vakre fargar på eit rynkeroseblad.Rosetrea er små ennå, men der er nokre få store knallraude nyper. Dei lyser i haustsola.Denne asalea tar visst feil av årstida. Kvart år pleier ho å komme me nokre få blommar om hausten.Og ute er det høst og nesten vår.Jan Ingvar Toft i Vamp
Høsten er en fantastik tid med alle fargane, klar luft og høg himmel. Høsten er min favoritt-årstid. Får håpe på flere dager som var som i går. Heldige er vi som har fire årstider, men av og til virker det som det er bare to....
Høsten er en fantastik tid med alle fargane, klar luft og høg himmel. Høsten er min favoritt-årstid. Får håpe på flere dager som var som i går.
SvarSlettHeldige er vi som har fire årstider, men av og til virker det som det er bare to....
Høstfarger på trær er så vakkert : )
SvarSlettWhat a wonderful red and green. I like theses colors in autum very much.
SvarSlett