søndag 3. juni 2012

Motlys-fasinasjon.

Det har gjennom tida eg har blogga vore ein del bilde med motiv i motlys. 
Å fotografere i motlys er verken det enklaste eller det luraste ein kan gjere, 
men eg synest at det er så vakkert, spesielt lyset seint om ettermiddagen,
 at eg titt og ofte er ute for å prøve fange denne herlege stemninga som kveldsola gjev.



Akeleie er ei lettstelt staude som passar perfekt i ein "bestemorhage" på landet.



Dei vakre lilla judaspengane er stort sett avblømd,
 men "sølvpengane" er dekorative også medan dei modnar.


Løytnantshjarte eller "dryppande hjarte" som dei også blir kalla er også på hell.



Den senaste rhododendronen er eit vakkert skue i desse dagar.


Strandnellikar (fjørekoll) gjer seg godt i motlys dei også.


Takløk klarer seg nesten utan både jord og vatn.


Også grasenga er fin på sin måte.


Junikveld
Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.
Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.
Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster..
Å, flytt deg nærmere inntil meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.
Hans Børli

torsdag 31. mai 2012

Tid for hage :)

Hei igjen :)
Det blir lite blogging på meg for tida dessverre.
Tida går til jobb, familie og hage.
Me hadde nokre dagar med full sommar her og då fekk eg malt rekkverket på terassen.
Kjennes godt å få det gjort.


Me er veldig nøgde med terassen. Kjekt å pynte med blomar nå når sommaren endeleg er her.


Korga på bordet er fylt med søte små alyssum.




Ei georgine har fått plass i hjørnet.


Etter at eg ikkje hadde sommarblomar ifjor grunna husrenovering 
er det ekstra kjekt å pynte rundt dørene i år.



Desse er nye av året og eg har ikkje fått namnet med meg.





Nord for bislaget er det lite sol og eg har derfor planta blomar som klarer seg godt i skuggen. 
I den minste sinkstampen hadde eg solelskande takløk og sedum frå før og eg får sjå om dei vil trivast her.


Nokre rhododendron opnar knoppane i desse dagar medan andre er på retur.




Overstrødd med blomar, men snart ferdig for iår.


Strandnellik.



 Løytnantshjarte.


Det er ei stund før rosene står i flor.


Her har eg samla stauder som tåler å stå vått saman med krukker med femtunge, verbena og fucsia.


Humleblomen har ingenting imot å stå med "beina i vatn" store deler av vinteren.


Sibiririsen har opna den aller første blomen.


Fylt tusenfryd er verkeleg ein fryd for auga.





 Stemor høyrer med.


Rosa rugosa Moje Hammarberg står full av knoppar og første rosa har opna seg.




Syriner høyrer med i ein gardshage :)


 Ein stor del av fritida går med til hagestell, men når det er noko av det kjekkaste eg gjer er det heilt greit :)
Eg takkar så mykje for alle dei koselege kommentarane eg får av dei som er innom bloggen min :)

Gode sommardagar til deg :)

mandag 28. mai 2012

Kyrkjekaffe i prestegardshagen.

Første pinsedag var eg på kyrkjekaffe i prestegardshagen i Tysværvåg. 
Gjestfritt vertskap, sommarvarme, strålande sol, kaffi og kaker 
og ikkje minst godt selskap gjorde at folk kosa seg.


Etter eitpar koppar kaffe og ein god "drøs" rusla eg ein tur rundt i den store flotte hagen.
Bli med ein liten runde da vel :)



Eg var ikkje heilt åleine om å sjå meg rundt :)


Gamle maleriske fruktre i full flor.







Å, men eg elskar slike flotte gamle tun og hagar! 


Takk for oss!