fredag 17. august 2007

I det barnlege hjørne.

Når eg nå først er i det barnlege hjørne vil eg vise litt fleire av skattane mine. Minneboka fekk eg frå mor og far til jul då eg var åtte år. Ei av søstrene mine fekk lik i rosa. Eg hadde aldri sett så fin minnebok og det har eg ikkje gjort seinare heller. Viser bilete av minne frå mor. Dagboka er også julegåve. Eg skreiv flittig dei første fjorten dagane, etter det har det vore sporadisk. Det er mange blanke sider, men det hender av og til ennå at eg skriv nokre ord. Ved milepælar i livet til dømes. Mi kjæraste eige som barn var dokka Bente. Eg hadde ei lita dokke, Dokke-Lise og så hadde eg Bente. Seinare fekk eg også ei Petradokke, billigvarianten av Barby. Kleda Bente har på har mor strikka. Mor fekk ei eske med tøyrestar frå ei venninne som sydde, av dette sydde ho dokkeklede til oss alle tre søstrene. Eg sydde ein del sjølv også då eg blei stor nok til å sy. Alle barna mine har leika med Bente, noko ho ber sterkt preg av, stakkar. Yngstemann hos oss likte godt å teikne -på det meste, også dokka mi.

Natt til julafta då eg var ni-ti år blei eg sjuk, eg hadde ete ei vallnøtt med mugg kvelden før og blei matfogifta. Utover julafta blei eg betre, eg låg på divanen i stova. Timane snegla seg av garde ennå seinare enn vanleg. Mor kom med ei julegåve så eg skulle få tankane over på noko anna enn kvalme og vond mage. Eg fekk Nini, ei papirdokke som reiste seg opp når eg opna hefte ho var i. Ho hadde ein aldeles nydeleg garderobe. Eg blei straks mykje betre( placeboeffekt?). Eg var så redd for denne papirdokka at mine eigne born berre fekk leika med henne når dei var sjuke. Eldstedotter mi spøker med at eg målte feberen på dei før det var aktuelt å finne Nini fram. Nydeleg garderobe, eiga dokke og masse småting følgde med. For førti år sidan var dette ei flott leike. Eg ser henne ennå med "barneaugo" mine og synest ho er fullt på høgde med plastleiker som blenkjer, ular og går av seg sjølv.

Med dette fuglelotto- spelet begynte fugleinteressa mi. Eg lærte namna på dei ulike fuglane og var alltid på utkikk etter fuglar. Eg kjøpte kikkert for sparepengene mine då eg var i tolv-trettenårsalderen. Eg laga meg kamuflasje og sat der med kikkerten min.

Tommelise fekk eg til åtteårsdagen frå mormor og morfar. Eg var meir opptatt av svala enn Tommelise. Mormor har skrive gratulerer med dagen frampå boka. Eg var veldig glad i mormor, og det var høgtid når ho kom på besøk tre-fire gonger i året.

Dette bilete er også gåve frå mormor og morfar. Eg har tatt det fram igjen og det heng ved senga mi saman med andre kjære ting.

Julegåve frå mormor og morfar, fatet er kome til heder og verdighet og heng ved senga mi.

Dette er og eit av klenodiane på same veggen. Tildelt for godt frammøte på søndagskulen. Tru ingen som seier at det gode livet kjem seinare. Livet kjem ikkje, livet er. Hold om, og hold av og ha det litt bra kvar einaste dag! Også denne dagen.

11 kommentarer:

Petunia sa...

Så koselig at du har tatt vare på disse tingene. Brakte gode minner frem for meg også!
God helg!

Elin sa...

Korleis har du fått tak i alle desse skattane? Bur du i barndomsheimen din? Kjenner att nokre av desse tinga, ja!

FO - 2 sa...

Du har vært flink til å ta vare på ting fra barndommen.
Beundringsverdig. :)
Papirdukken din er skjønn. Med skarpe og fine farger.
Minneboken er ekstra fin å bla i som voksen. Da strømmer minnene på... Jeg har klippet ut det ene minnet fra pappa og rammet det inn.
Mistet han så altfor tidlig (40). Slik kan jeg se på det hver eneste dag. Har laget minneside til han på hjemmesiden min. Du kan klikke deg inn der om du vil, via linklisten min.
Men, det ble egentlig ett sidesprang....
Husker selv at jeg skrev ivrig i dagboken en periode. Også dabbet det av.... Hehe. Ganske vanlig, tror jeg. Bildene dine er flotte alle sammen. Fra mormor og morfar. Skjønt. De er verdig en plass på veggen ja.
Klem fra Ida som skal ha det bra i dag. Det må du også. Lykke til videre med kalvingen. :)

Anne sa...

Gud så morsomt...

Kjenner faktisk igjen den minneboka, hadde en selv likedan, men blomstrete.
1000 tanker som går hjennom hodet når en finner igjen slike ting fra barndommen, og jeg er sikker på at du heller ikke synes det er lenge siden.
Tenkte på det her om dagen hvor vi lekte med dokker, skjelden å se jenter med barnevogn lang veien i disse dager, Tror dette med å leke, mor, far og barn faktisk ikke foregår lenger ???? Usikker i alle fall.

Takk ellers for trivelig kommentar på min side, gode ord som roet meg ned litt. Etter slike "utbrudd" angrer en seg litt i etterkant, men var for all del ikke ufin. Måtte bare si det for min egen samvittighets skyld.

Ha en fin fin lørdag.

Anne sa...

du glemte å di at diktet om "styrke og mot" ga meg fryktelig mye. Takk skal du ha.

minerva.jor sa...

Vi var nok barn på omtrent samme tid!
Husker at minneboken var så myk , med et belegg mellom.
Det er så viktig og få frem barnet i seg som voksen også, da forstår vi barna så godt!
Det nederst bilde fikk meg til å tenke på tiden fra søndagsskolen.
Ha en fin helg!
Klem fra meg:)

JULIEK sa...

Å så utrolig mye koselige ting. Ja minne bøkene husker jeg godt. Har heldigvis min gamle fortsatt : )

Anne sa...

Vet du...

Nå har jeg gått og tenkt op mot og styrke i mange timer...
og vet du...
jeg tror...
at fallskjermhopp, fjellklatring og andre ekstreme fysiske krumspring, DET er bare barnematen det mot å tørre å utsette seg for mellommenneslkelig kontakt, GI til andre... osv.

Mange tanker i mitt hode, men håper du skjønner hva jeg mener.

Klem

Marie sa...

Takk for koselege kommentarer! Er ein fin måte å prate saman på dette. Så til spørsmåla: Til Elin, ja eg bur i barndomsheimen min. Eg har saman med mannen min overtatt garden etter foreldra mine.
Til Ida, eg var inne på heimesida di og såg, mykje kjekt å sjå. Minneinnlegget over faren din var rørande. Min far døydde i -91, 81 år gammal. Mor lever ho er 84.
Er enig med Annemone om det med mellommenneskeleg kontakt. Fallhøgda og såra blir ofte vel så store om ein misslukkas der som dei blir ved ekstremsport.
"Utvendige" sår og skadar som alle ser får ein trøyst og oppmuntring for. Såra som er inni er enten skjult eller så får ein høyre at det er berre å ta seg saman. Slik er det med diffuse lidingar og forresten, eg har fibromyalgi og har blitt møtt med mykje uforstand.
Får ofte høyre at eg kan nå ikkje vere SÅ dårleg, eg klarer jo både det eine og det andre. Ingen av oss ser ein annan si smerte.
Heldigvis har eg blitt mykje betre etter førtifem...men frisk er eg ikkje.
Uff blei visst veldig personleg dette...men når me nå snakka om å vera open. Eg vil ikkje syte og klage altså, det fører ingenveg hen.
Til alle gode bloggvenner; ha ein fin dag :o)

FO - 2 sa...

Kjære Marie.
Takk for fine ord.
Jeg ble rørt over skriveriene til Anemone og deg.
Fine ord.
Merker at det er noen man er mer på linje med enn andre også. Om du skjønner... :)
Kan fortelle deg at jeg også har diagnosen fibromyalgi. I tilegg til mye slitasje og andre kroniske sykdommer.
Jeg forstår deg!
Vi er i samme båt.
Har gode dager og mindre gode dager.
Men, humøret, ja det tar aldri noen fra meg! :)
Litt galgenhumor er også bra å ta med seg på vegen har jeg erfart... ;)
Jeg har heldigvis en snill og forståelsesfull mann.
Er glad for det.
Siden har livet mye vakkert å by på. :)
Klem fra meg.

Sol sa...

Så koselig med disse gamle minnene. Jeg har hentet fram gamle minnebøker jeg også, og jeg og datteren harsittet og bladd i dem. Viktig å ta vare på gamle skatter. Og fint at du viser dme fram her, slk at vi andre også kan huske på våre minner og gamle saker og ting ;-}